Presseinformasjon
Program for FNs tryggingsråd i september
Pressemelding | Dato: 06.09.2022 | Utanriksdepartementet
Arbeidsprogrammet for FNs tryggingsråd i september er klart. Denne månaden vert det mellom anna møte om Ukraina under FNs toppmøteuke, møte om Etiopia og Afghanistan, og planlagt vedtak av fornya mandat for FNs etterforsking av Isils alvorlege brotsverk i Irak og mandat for arbeidet mot migrantsmugling frå Libya.
Det er Frankrike som har presidentskapet i Tryggingsrådet i september. Sjå heile programmet på nettsida til FN. Det kan kome endringar.
Program
6. september |
Orientering om FNs fredsbevarande operasjonar. Orientering om Ukraina med vekt på situasjonen rundt kjernekraftverket Zaporizjzja. |
|
|
7. september |
Orientering og konsultasjonar om Somalia. Orientering om den humanitære situasjonen i Ukraina. |
|
|
8. september |
Konsultasjonar om Jemen. Orientering om situasjonen i Etiopia. |
|
|
13. september |
Orientering og konsultasjonar om situasjonen i Sudan. |
|
|
14. september |
Orientering og konsultasjonar om den politiske og humanitære situasjonen i Syria. |
|
|
15. september |
Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs etterforskningsteam for å stille Isil ansvarleg for alvorlege brotsverk i Irak (Unitad). Orientering og konsultasjonar om FNs fredsbevarande operasjon i Sør-Sudan (Unmiss). |
|
|
22. september |
Ministermøte om den politiske og humanitære situasjonen i Ukraina, under FNs toppmøteuke. |
|
|
27. september |
Orientering og konsultasjonar om FNs politiske oppdrag i Afghanistan (Unama). |
|
|
28. september |
Orientering og konsultasjonar om den israelsk-palestinske konflikten. |
|
|
29. september |
Planlagt fornya vedtak om arbeidet mot migrantsmugling frå Libya. Konsultasjonar om FNs politiske oppdrag i Libya (Unsmil). Orientering og konsultasjonar om kjemiske våpen i Syria. |
|
|
30. september |
Orientering og konsultasjonar om FNs fredsbevarande operasjon i DR Kongo (Monusco). |
Korleis dekke møter i Tryggingsrådet
Pressetreff og åpne møte vert vist direkte på FNs web-tv. Video kan ein få i etterkant etter avtale. Bilde frå møte kan ein få frå UN Photo / photolibrary@un.org. Du finn Noregs innlegg i Tryggingsrådet her.
Pressekontaktar
New York: Astrid Sehl, astrid.sehl@mfa.no, telefon +1 646 642 9910.
Oslo: Mariken Bruusgaard Harbitz, mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, telefon +47 99 09 35 38.