Presseinformasjon

Utanriksministeren tenner julegran i London

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt reiser måndag 5. desember til London. Der skal ho tenne ei norsk julegran som står utanfor det britiske utanriksdepartementet.

Juletreet er ei gåve frå det norske til det britiske utanriksdepartementet.

Utanriksminister Huitfeldt skal òg møte den britiske utanriksministeren for å snakke om blant anna Ukraina, energi, tryggingspolitikk og humanitær bistand.

Ho skal også møte Tim Barrow, som er nasjonal tryggingsansvarleg i Storbritannia.

Før ho reiser heim til Noreg skal Huitfeldt besøkje Westminster Kingsway College (WKC). Der skal ho møte kokkestudentar som lærer korleis dei skal bruke norsk sjømat.

Presse som ønsker å dekke besøket kan ta kontakt med kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, telefon +47 93 23 18 83, e-post tuva.bogsnes@mfa.no