Presseinformasjon
Utviklingsminister Tvinnereim til Kenya
Pressemelding | Dato: 15.11.2022 | Utanriksdepartementet
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim følgjer kronprins Haakon på besøket hans til Kenya den 24. november, og vil i tillegg ha eige program den 23. og 25. november.
Tvinnereim følgjer kronprinsen under den bilaterale delen av besøket den 24. november. På programmet denne dagen står møte med Kenyas øvste politiske leiing og deltaking på eit stort næringslivsseminar hvor også Sveriges kronprinsesse Victoria deltek. Ein stor norsk og svensk næringslivsdelegasjon følgjer dei kongelege på reisa. Dei to skal også opne eit felles norsksvensk kontor for næringsfremme.
Kenya er den største økonomien i Aust-Afrika og ein naturlig inngangsport for norsk næringsliv med interesse for regionen.
Kronprinsen og Tvinnereim vil gjeste garden Ausquest og forskingsgarden Kapiti til the International Livestock Research Institute. Målet er å syne korleis norske berekraftige løysingar kan møte behova i Kenya på ein god måte. Klimaendringane og geopolitiske utfordringar gjer det enda tydelegare kvifor mattryggleik og berekraftig landbruk er sett høgt på den geopolitiske agendaen både i Kenya og i Europa.
Utviklingsminister Tvinnereim innleier besøket i Kenya den 23. november med møte med ulike FN-organisasjonar i Nairobi kor spesielt kampen mot svolt og tørke blir viktige tema. Utviklingsministeren deltek også på ein middag med dei norske og svenske tronarvingane på kvelden.
Fredag 25. november dreg Tvinnereim på feltbesøk utanfor Nairobi for å sjå nærare på to prosjekt som bidreg til berekraftige løysingar på matproduksjon i Afrika innan oppdrett av fisk og dyrking av mais og kaffe. Prosjekta er organisert av FNs fond for landbruksinvesteringar, Ifad, og av den norske gjødselprodusenten Yara. Tvinnereim reiser saman med assisterande visepresident i Ifad, Satu Santala, og Yara-direktør Svein Tore Holsether.
Detaljert program vil bli delt på førespurnad.
Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa) ane.lunde@mfa.no, 97 67 12 50