Presseinformasjon
Utanriksministeren til Kirkenes
Pressemelding | Dato: 27.02.2023 | Utanriksdepartementet
Utanriksministeren besøkjer Kirkenes torsdag 2. mars. Anniken Huitfeldt skal tale på Kirkeneskonferansen, og mellom anna møte Pikene på broen og Samovarteateret, Barentssekretariatet, snakke med skuleelevar ved Kirkenes vgs og soldatar som tenestegjer ved Jarfjord grensestasjon.
Kirkeneskonferansen er den sentrale plattforma for diskusjon i Barentsregionen. Årets konferanse vil mellom anna sjå på korleis det siste året har endra kvardagen for næringsliv og folk ved grensa til Russland.
– Eg ser fram til å høyre meir frå folk i Kirkenes om korleis dei ser på situasjonen no. Det er saman med dei at regjeringas nordområdepolitikk vert skapt og sett ut i livet. Sjeldan har denne konferansen - og tema som vert tatt opp her - vore viktigare, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).
Konferansen samler eit breitt spekter av aktørar med interesse for nordområda og Barentsregionen.
Pressekontakt for utanriksministeren: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, tlf 93 23 18 83, e-post tuva.bogsnes@mfa.no.
Presse som vil følgje utanriksministeren på heile eller delar av besøket, eller som ønskjer intervju, kan kontakte Tuva Bogsnes.