Presseinformasjon

Utanriksministerens program på årsdagen for invasjonen av Ukraina

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt er fredag 24. februar i Lillehammer for å markere årsdagen for Russlands invasjon av Ukraina

Utanriksministeren deltek på eit ope møte på Høgskolen i Innlandet der ho held innlegg og svarar på spørsmål frå salen. Møtet finn stad frå kl. 14.00 til kl. 15.00 og er ope for alle. Sjå meir om arrangementet her: Utenriksministeren med åpent møte om krigen i Ukraina - Høgskolen i Innlandet.  

Utanriksministeren besøkjer også sjuande trinn på Søre Ål barneskule frå kl. 12.15 til kl. 13.00. Pressa er velkomen til å delta. Merk at det kan kome endringar i tidspunktet.   

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, tlf: 97 67 12 50