Presseinformasjon
Utanriksminister Anniken Huitfeldt til utanriksministermøta i Nato og OSSE
Pressemelding | Dato: 23.11.2022 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på Nato sitt utanriksministermøte i București 29. - 30. november og OSSE sitt ministermøte i Łódź 1. desember.
Krigen i Ukraina og dei allierte si støtte til Ukraina er hovudsak på utanriksministermøtet i Nato. Energitryggleik, oppfølging av arbeidet med det nye strategiske konseptet til Nato og trygging av kritisk infrastruktur er andre tema.
Sjå meir informasjon for pressa på Nato sine nettsider.
Utanriksministrane i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, OSSE, møtest til det årlege ministermøtet i Łódź i Polen. Polen har formannskapet i OSSE i 2022.
Ukraina-konflikten er også hovudtema på dette møtet. OSSE er ein regional tryggingsorganisasjon der 57 land er med, deriblant Ukraina og Russland.
OSSE arbeider for fred og tryggleik i heile OSSE-området og har vore engasjert i konflikten i Ukraina frå 2014, mellom anna ved å overvake at våpenkvileavtala vert overhalden. I tillegg til å halde innlegget frå Noreg vil utanriksministeren delta på møte om mellom anna arbeidet for å ansvarleggjere dei som står bak krigsbrotsverk i Ukraina og om menneskehandel knytta til krigen.
For informasjon om møtet og akkreditering for pressa, sjå OSSE sine nettsider om ministermøtet.
Pressekontakt for reisa er kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad, mlko@mfa.no, mobil 99 52 20 26.