Presseinformasjon

Utanriksministeren til FN-møte i New York

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt reiser måndag 19. desember til New York for å møte FN-representantar og delta på møte i Tryggingsrådet om Afghanistan.

På tysdag kl. 10.00 (lokal tid) skal utanriksministeren delta på eit møte i Tryggingsrådet om situasjonen i Afghanistan. Ho vil òg være tilgjengeleg for pressa i samband med møtet.

Møtet er ope og vert sendt på UN Web TV. Der vil det også være mogleg å følgje utanriksministeren og andre sine kommentarar til media.

Utanriksministeren skal òg møte nestleiar for FN, Amina Mohamed, og sjef for FNs politiske avdeling Rosemary DiCarlo.

Presse som ønskjer å dekke besøket kan ta kontakt med pressekontakt Mariken Bruusgaard Harbitz, telefon +47 99 09 35 38, e-post mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no eller Astrid Sehl telefon +1 646 642 9910, e-post astrid.sehl@mfa.no