Presseinformasjon

Utviklingminister Tvinnereim til Roma

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek 20. juni på årsmøtet til Verdas matvareprogram, WFP.

- Det finnst ikkje eit meir aktuelt tema akkurat no enn korleis ein skal kjempa mot svolt i verda. Dette er mi viktigaste prioritering som utviklingsminister. Diverre er dette eit av de berekraftsmåla som går i heilt feil retning. Vi må ha eit krafttak av dimensjonar for å nå berekraftsmål 2 om null svolt på åtte år, seier utviklingsminister Tvinnereim.

- Russlands krigføring i Ukraina rammer global matforsyning, og situasjonen er blitt endå meir krevjande for vanskeligstilte befolkningar og land. Eg er glad for at  vi i revidert nasjonalbudsjett, som no vert vedteke, har lukkast i å skjerme midla til mattryggleik, seier ho.

Noreg satsar mellom anna på å hjelpe folk i fattige land direkte med å skaffe seg mat. Der det er mogleg, delar ein ut kontantar, noe som mellom anna styrker lokalsamfunn og lokal produksjon. Hovuddelen av støtta vert kanalisert gjennom Verdas matvareprogram (WFP), som hittil i år har motteke ein milliard kroner frå Noreg. WFP nådde ut til 128 millionar menneske med matvarebistand i 2021 og har eit rekordstort program for 2022.

Utviklingsministeren er, saman med mellom anna sin kollega frå Tyskland, invitert til å delta som spesialgjestar i opningspanelet fyrste dagen av årsmøtet. Temaet for paneldiskusjonen vil vere verdas matkriser. Det er viktig at humanitær innsats går hand i hand med langsiktig utviklingsarbeid og fredsarbeid.

Heilskapleg innsats er ein hovudprioritering for WFP i den nye strategiperioden 2022 til 2025.

Tvinnereim vil under opphaldet i Roma også møte WFP-leiar David Beasley, generaldirektør Qu Dongyu i FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og leiar i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (Ifad), Gilbert Houngbo, samt den tyske utviklingsministeren Svenja Schulze. Tyskland er for tida leiar i gruppa av G7-utviklingsministre.

- Dei fleste svoltkriser er varsla katastrofar, og vi bør gjere endå meir gjennom forebyggjing og tidleg innsats. Situasjonen er djupt bekymringsfull i mellom anna Afghanistan, Jemen, Syria, Kongo, Etiopia og Sør-Sudan akkurat no. Noreg gir langsiktig bistand for å gjere dei meir robuste mot svingningar i matproduksjonen, seier utviklingsminister Tvinnereim.

Dette skjer både direkte mellom landa og gjennom multilaterale organisasjonar, som FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (Ifad).

Noreg sit i styret til WFP fram til årsskiftet.

Det vert ei digital pressekonferanse med utviklingsminister Tvinnereim, hennar tyske kollega, Svenja Schulze visedirektør i WFP, Ute Klamert, Nigers minister for krisehåndtering, Laouan Magagi og Libanons handelsminister Amin Salam.

Tid: Måndag 20. juni kl. 13.00- 13.30

Les meir om berekraftmål 2 om å utrydde svolt: 2. Utrydde svolt - regjeringen.no

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, T: 97 67 12 50 (med på reisa)