Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 7
Pressemelding | Dato: 11.02.2022 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 7, 2022.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt
Måndag 14. februar
Kl. 15.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt besøkjer Senter for Studium av Holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret). Stad: Huk Aveny 56, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 15. februar
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med den sør-koreanske forsvarsministeren Suh Wook. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 11.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt held ein tryggingspolitisk tale for studentar ved Universitetet. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Universitetet, Oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide 95 72 65 10
Onsdag 16. februar
Kl. 12.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med den greske utanriksministeren Nicolaos Dendias. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 18. - søndag 20. februar
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på ein tryggingspolitisk konferanse i München. Sjå meir informasjon på konferansen sin nettstad. Stad: München, Tyskland
Pressekontakt: Ane H. Lunde 97 67 12 50
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Måndag 14. februar
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er på Svalbard saman med landbruks- og matminister Sandra Borch. Statsrådane vitjar mellom anna det globale frølageret.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Mari Bangstad 41 44 08 71
Onsdag 16. februar
Kl. 17.45: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på festpremieren for filmen om dronning Margrethe på Colosseum kino.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83
Torsdag 17. februar
Kl. 08.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit høgnivåmøte om styrking av system for global helse i samband med G20s finansministermøte (digitalt).
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83
Kl. 17.15: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim held avslutningsinnlegg under toppmøtet for menneske med nedsett funksjonsevne (GDS).
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83
Statssekretær Henrik Thune
Måndag 14. februar
Kl. 15.00: Statssekretær Henrik Thune har ein samtale (digitalt) med USAs spesialutsending til Afrikas horn, David Satterfield.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 15. februar
Kl. 11.00: Statssekretær Henrik Thune har eit møte med Det norske mennerettighetsfond og Afghanistankomiteen. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 14. februar
Kl. 13.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek og held eit innlegg (digitalt) på eit møte for sivilsamfunnet om departementet sitt arbeid med eksportkontroll.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 15. februar
Kl. 15.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek i tryggingspolitiske samtalar med Sverige. Stad: Sveriges ambassade, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 14. februar
Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte (digitalt) med LHL (Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke) si internasjonale tuberkulosestifting.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83
Tysdag 15. februar
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Scatec om fornybar energi. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83
Fredag 18. februar
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte (digitalt) med Drugs for Neglected Diseases Initiative (DNDi) om smittsame sjukdommar.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83