Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 9

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 9, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 28. februar
(Denne turen er avlyst) Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Genève der ho skal halde eit innlegg ved  opninga av FNs menneskerettsråd sin 49. sesjon og ha møte med ei rekkje andre organisasjonar. Stad: Genève, Sveits

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Mathias Rongved, 97 56 52 58    

Tysdag 1. mars
Kl. 08.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit frukostmøte med den kroatiske utanriksministeren Gordan Grlić Radman. Stad: Parkveien 45, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Stortinget.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 14.15: (Utanriksministerens deltaking er avlyst). Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek saman med den kroatiske utanriksministeren Gordan Grlić Radman på eit arrangement skipa til av Nupi for å markere at det er 30 år sidan Noreg oppretta diplomatisk samband med Kroatia. Stad: Nupi, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02  

Onsdag 2. mars
Kl. 13.45: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med den britiske ministeren for Skottland, Alister Jack. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02  

Fredag 4. mars
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit første møte i ei norsk referansegruppe for arbeidet med å etablere eit regelverk for utvinning av mineral på havbotnen. Med på møtet er sivilsamfunnsorganisasjonar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02  

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 28. februar - fredag 4. mars
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er på reise i Malawi og Sør-Afrika og møter styresmakter og utviklingspartnarar. Sjå eigen informasjon om reisa.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Mari Bangstad, 41 44 08 71

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 28. februar
Kl. 15.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med to studentar frå European Youth Parliament. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02  

Onsdag 2. - torsdag 3. mars
Statssekretær Eivind Vad Petersson er i Finnmark for samtalar med fleire kommunar om nordområdepolitikken og utanriks-, forsvars- og tryggingspolitikken. Stad: Vardø, Vadsø og Kirkenes 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02  

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 28. februar - fredag 4. mars
Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på FNs femte miljøforsamling i Nairobi. Sjå meir på FN sine nettsider.

Pressekontakt: Seniorrådgjevar Gunnhild Eriksen, tlf. +47 41 56 18 42