Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 12
Pressemelding | Dato: 18.03.2022 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 12, 2022.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt
Måndag 21. mars
Kl. 16.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har ein telefonsamtale med Brasils utanriksminister Carlos Alberto França.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 22. mars
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt held ei utanrikspolitisk utgreiing i Stortinget.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Tysdag 22. mars
Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Nordisk råds temasesjon i Malmø. Stad: Malmø, Sverige
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Onsdag 23. mars
Kl. 09.00: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek i ein panelsamtale om rapporten «State of the Nordic Region» på Litteraturhuset i samband med Nordens dag.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Kl. 10.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med generalsekretær for Det internasjonale forbundet av Raude kross- og Raude halvmåneforeiningar (IFRC), Jagan Chapagain. Stad: UD, oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Kl. 16.20: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på ei mottaking og eit seminar på Akershus festning i samband med Nordens dag.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Torsdag 24. mars
Kl. 10.00: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim vitjar Nordisk senter. Stad: Stensberggata, Oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Fredag 25. mars
Kl. 12.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim held innlegg på eit arrangement om kjønnsperspektiv på klima og miljø på Nationaltheateret konferansesenter i regi av Fokus.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Statssekretær Henrik Thune
Måndag 21. mars
Kl. 15.00: Statssekretær Henrik Thune har eit møte med FN sin spesialrapportør for tro- og livssynsfrihdom Ahmed Shaheed. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 22. - fredag 25. mars
Statssekretær Henrik Thune er på reise i Afrika og besøkjer Kenya og Sudan. (Denne turen er avlyst).
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Onsdag 23. mars
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på regionalt nordområdeforum. Stad: Narvik
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 25. mars
Kl. 12.15: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit møte i Reiarforbundet. Stad: Rådhusgata 25, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 21. mars
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte (digitalt) om polio med Rotary.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Torsdag 24. mars
Kl. 12.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit innlegg på ein digital konferanse i regi av LHL si internasjonale tuberkulosestifting (LHLI) og Folkehelseinstituttet i samband med verdas tuberkulosedag.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83
Fredag 25. mars
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte (digitalt) med Forum for utvikling og miljø om sivilsamfunnsdeltaking i internasjonale prosessar.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83