Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 36

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 36, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 5. september
Kl. 16.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Moldovas utanriksminister Nicu Popescu. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 6. - onsdag 7. september
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit nordisk-baltisk utanriksministermøte (NB8). Stad: Kaunas, Litauen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 9. september
Kl. 09.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek (digitalt) på eit trepartsmøte med Asean (Association of Southeast Asian Nations) sin generalsekretær og Kambodsjas utanriksminister. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 5. september
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Det globale senteret for klimatilpassing (Global Center on Adaptation – GCA) sitt høgnivåmøte, «Africa Adaptation Summit: Friends of GCA High-Level Dialogue for COP27”, for å setje søkelys på klimatilpassing i Afrika. Møtet vert arrangert av GCA i samarbeid med Den afrikanske union (AU), Afrikabanken (AfDB), Det internasjonale pengefondet (IMF) og Forumet for klimasårbare land (CVF). Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Rotterdam, Nederland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 6. - fredag 9. september
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim besøkjer Tanzania. Ho har møte med Tazanias president, samt ei rekkje andre regjeringsmedlemmar, tanzanianske partnerorganisasjonar, Verdsbanken og Afrikabanken m.fl. Sjå eigen presseinformasjon.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Jens Chr. Boysen (med på reisa) +47 94 98 20 99

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Onsdag 7. september
Kl. 08.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson held eit innlegg i samband med lanseringa av Ukrainett - eit nettverk for forskarar som arbeider med problemstillingar knytta til det ukrainske samfunnet. Stad: Pressas hus, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit digitalt møte med Stortingets arktiske delegasjon. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Erling Rimestad

Måndag 5. september
Kl. 09.00: Statssekretær Erling Rimestad held eit innlegg for representantar for den colombianske krigsskulen som er på besøk i Noreg. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 7. september
Kl. 15.30: Statssekretær Erling Rimestad deltek i eit dialogforum med forskarar i samband med Noregs medlemskap i FNs tryggingsråd. Stad: Nupi, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 9. september
Kl. 09.30: Statssekretær Erling Rimestad held opningsinnlegget på eit arrangement i samband med den internasjonale dagen for å verne utdanning mot angrep. Norad, Plan International, Redd Barna og Raude Krossen vil lansere rapporten "Education under Attack 2022" under arrangementet. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Tysdag 6. september
Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit innlegg (digitalt) under eit arrangement skipa til av Tax Justice Network. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 7. september
Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit (digitalt) møte med Women Deliver.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 8. september
Kl. 16.45: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit innlegg (digitalt) på ein konferanse skipa til av Equal Rights Coalition (ERC).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02