Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 42

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 42, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 17. - tysdag 18. oktober
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er på reise i Georgia og Armenia. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Tbilisi og Jerevan

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, mobil: +47 93 23 18 83, e-post: tuva.bogsnes@mfa.no (med på reisa)

Torsdag 20. oktober
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Stortinget i samband med handsaminga av meldinga om eksportkontroll.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt held ei innleiing om den utanrikspolitiske situasjonen på Fagforbundets landsmøte. Stad: Oslo kongressenter

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 17. - tysdag 18. oktober
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit ministermøte om skulemat. Vertskap er den finske utviklingsministeren, Ville Skinnari. Møtet vil finne stad i Helsingfors, Finland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 18. oktober
Kl. 13.00: Samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek digitalt på eit møte med sivilsamfunnsnettverket i Nordisk ministerråd.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 20. oktober
Kl. 08.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter Union of Agricultural Work Committees (UAWC), der dei blant anna vil reise på feltbesøk til Ås.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit møte med Cathrine Russel, leiar av Dei forente nasjonars barnefond (Unicef). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Tysdag 18. oktober
Kl. 14.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med den ungarske statssekretæren Tristan Azbej. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 21. - laurdag 22. oktober
Statssekretær Eivind Vad Petersson er i Latvia og deltek på den tryggingspolitiske Riga Conference og har bilaterale møte med latviske styresmakter.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Erling Rimestad

Søndag 16. - fredag 21. oktober
Statssekretær Erling Rimestad er på reise i Nord-Afrika der han har møte med styresmaktene i Tunisia, Marokko og Algerie. Han vil også ha møte med representantar for norsk næringsliv.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 17. - fredag 21. oktober
Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit globalt Nansen-forum om tema som mattryggleik og berekraftig fiskeri - og havforvalting. Stad: Dakar, Senegal

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02