Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 46

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 46, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 14. november
Kl. 09.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Slovakias visestatsminister Veronika Remisova. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 15. november
Kl. 09.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt held opningsinnlegget på Norsk utanrikspolitiske institutt (Nupi) sin Russlands-konferanse - om den russiske økonomien, energisektoren og klimaendring. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Nodjigoto Charbonnel, direktør for Association Jeunesse pour la Paix et la Non-Violence (AJPNV) i Tsjad. Charbonnel vann Raftoprisen 2022. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit seminar med Stortingets presselosje. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med afghanske kvinneaktivistar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 17.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er vert for ein middag med representantar for kultursektoren. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 16. november
Kl. 11.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er til stades i Stortinget i samband med spørjetimen. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit møte i Europapolitisk forum, eit dialogforum for regjeringa og kommunesektoren. Stad: Nationaltheatret konferansesenter, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 18.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt held opningsinnlegget på årets Afghanistan-veke. Stad: Hausmannsgate 3, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 17. november
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt held ei Europa-utgreiing for Stortinget.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 18. november
Kl. 09.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Angolas utanriksminister, Tete António, som er på vitjing i Noreg. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Laurdag 19. november
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på International Institute for Strategic Studies sin  Manama dialogue 2022. Arrangementet er eit tryggingspolitisk toppmøte i Midtausten. Stad: Manama, Bahrain

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg, 92 21 97 69

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Tysdag 15. november
Kl. 13.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har møte med Mexicos ambassadør Ulises Canchola, om mattryggleik og global helse. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 18. november
Kl. 12.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim held eit innlegg for Gartnerhallen-seminar 2022 om den globale matvaresituasjonen, strategien til regjeringa for mattryggleik og tydinga av den norske produksjonen i eit beredskapsperspektiv. Konferansen finn stad på X meeting Point på Hellerudsletta.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Syver Zachariassen 46 66 87 01

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Tysdag 15. november
Kl. 13.45: Statssekretær Eivind Vad Petersson held ei orientering for Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (Pace-delegasjonen). Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 14. - torsdag 17. november
Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på ein internasjonal konferanse om familieplanlegging. Stad: Pattaya, Thailand

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02