Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 47
Pressemelding | Dato: 18.11.2022 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 47, 2022.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt
Måndag 21. november
Kl. 11.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med representantar for Den europeiske utviklingsbanken (EBRD). Representantane er i Noreg for å signere ein avtale mellom banken og Noreg om støtte til innkjøp av gass til Ukraina. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 22. november
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Stortinget og deltek i debatten etter utgreiinga om Europa-spørsmål som ho heldt veka før. Stad: Stortinget, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 23. november
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit møte i EØS-rådet. I samband med gjestinga vil ho også ha møte med EØS-landa Island og Liechtenstein. Stad: Brussel, Belgia
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Mathias Rongved, 97 56 52 58
Torsdag 24. november
Kl. 18.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er vert for ein middag for Litauens utanriksminister Gabrielus Landsbergis som er på gjesting i Noreg. Stad: Parkveien 45, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 25. november
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er saman med Litauens utanriksminister Gabrielus Landsbergis i Nord-Noreg (Bardufoss) for mellom anna å sjå korleis Forsvaret øver til utestasjonering i Litauen. Sjå eigen presseinformasjon.
Pressekontakt: Tuva Bogsnes, tuva.bogsnes@mfa.no mob: 93 23 18 83 (med på reisa)
Laurdag 26. november
Kl. 12.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt samtalar om den tryggingspolitiske situasjonen i skuggen av krigen i Ukraina. Stad: Litteraturhuset, Trondheim
Pressekontakt: Tuva Bogsnes, tuva.bogsnes@mfa.no mob: 93 23 18 83
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Onsdag 23. - fredag 25. november
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er i Kenya. Sjå eigen presseinformasjon.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ane H. Lunde, mobil 97 67 12 50 (med på reisa)
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 21. november
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på den tredje ministerkonferansen til Moldova Support Platform i Paris.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 22. november
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit seminar om Fridtjof Nansen – 100 år etter han fekk fredsprisen. Stad: Stockholm, Sverige
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 23.november
Kl. 09.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Oksana Brovko, leiar i Ukrainas medieforeining, og nokre redaktørar for ukrainske regional- og lokalaviser. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 25. november
Kl. 13.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Sergij Leshchenko, nestleiar i styret for ukrainske jernbaner, rådgjevar for president Zelenskyjs stabssjef og pressetalsperson for russisk desinformasjon. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 15.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson held ein appell i samband med minnemarkeringa for sultkatastrofen Holodomor som fann stad i Ukraina i 1932-33. Stad: Utafor Stortinget
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Erling Rimestad
Tysdag 22. november
Kl. 18.00: Statssekretær Erling Rimestad deltek og vil halde eit innlegg på ein middag skipa til av Det amerikansk-norske handelskammeret (Amcham). Arrangementet er knytta til ein innsamlingsaksjon i samband med Thanksgiving same dagen. Stad: Hotel Bristol, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 23. november
Kl. 15.30: Statssekretær Erling Rimestad deltek på eit møte i dialogforum saman med forskingsmiljø i samarbeid med Nupi og Prio om tema knytta til Noregs medlemskap i FNs tryggingsråd. Stad: Hausmanns gate 3, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Onsdag 23. november
Kl. 08.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på lanseringa av Kyrkjas Naudhjelp sitt arbeidsverktøy for heilskapleg seksualundervising. Stad: Sentralen i Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 24. november
Kl. 17.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit digitalt høgnivåmøte om global gjeldskrise i regi av Jubilee Germany og Friedrich-Ebert-Stiftung.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 25. november
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ein panelsamtale om global helse skipa til av Global Health Norway, ei samanslutning av akademiske institusjonar i Noreg med føremål å promotere global helseforsking. Møtet finn stad på Oslomet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02