Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 51
Pressemelding | Dato: 16.12.2022 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 51, 2022.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt
Måndag 19. - onsdag 21. desember
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i New York i samband med avslutninga på Noregs medlemskap i FNs tryggingsråd. Sjå eigen presseinformasjon.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Måndag 19. desember
Kl. 09.15: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. Tema: Institusjonssamarbeidet med riksrevisjonar i DAC-land. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 12.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek i ein arbeidslunsj med Ulrika Modeer, nestleiar i FNs utviklingsprogram (UNDP). Stad: Grand hotell, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Tysdag 20. desember
Kl. 13.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte (digitalt) med kabinettsjefen i EU-kommisjonens generaldirektorat for handel, Michael Hager.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 19. desember
Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i bilaterale konsultasjonar med UNDP ved nestleiar Ulrika Modeer. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte med Nordic Microfinance Initiative om privat-offentleg samarbeid på bistandsområdet. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02