Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 4

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 4, 2023.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 23. januar
Kl. 12.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med internasjonale korrespondentar i Noreg. Stad: Klingenberggata 5, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 24. januar
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Bergen der ho mellom anna deltek på LOs olje- og gasskonferanse og eit kveldsarrangement om Russland på Litteraturhuset. Stad: Bergen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 25. januar
Kl. 09.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit seminar der ho samtalar med mellom anna generalsekretæren i FN-sambandet, Catharina Bu, om erfaringane etter Noregs medlemskap i FNs tryggingsråd. Stad: Youngs, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Mariken Bruusgaard Harbitz 99 09 35 38

Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit besøk frå elevar ved Elvebakken vidaregåande skule. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek (digitalt) på eit nordisk utanriksministermøte (N5). Møtet er skipa til av den islandske utanriksministeren, Þórdís Kolbrún Reykfjörð Gylfadóttir .

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 26. januar
Kl. 11.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med generaldirektøren for FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA), Phillippe Lazzarini. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Tysdag 24. januar
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er i Kongsberg og vitjar mellom anna Kongsberg Defence og Aerospace som arbeider med bruk av satellittar i utviklingssamarbeid og regnskogovervaking. Statsråden vitjar også Kongsberg akuttmottak og Kongsberg vidaregåande skule.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 25. - torsdag 26. januar
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på toppmøtet om matsikkerheit, Feed Africa: food sovereignty and resilience, i Senegal. Stad: Dakar, Senegal

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 23. januar
Kl. 09.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson (og statssekretær Bjørg Sandkjær) møter representantar frå dei seks humanitære organisasjonane som har strategiske partnarskapsavtalar med UD; Røde Kors, Kyrkjas Naudhjelp, Norsk Folkehjelp, Flyktninghjelpen, Redd Barna og Caritas. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson møter Amy Pop som er vise-generaldirektør i Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 17.45: Statssekretær Eivind Vad Petersson har ein samtale med Derek Chollet, som er ein nær utanrikspolitisk rådgjevar for USAs utanriksminister.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 25. - måndag 30. januar
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på ein studietur til forskingsstasjonen Troll i Antarktis. Turen er skipa til av Klima- og miljødepartementet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Erling Rimestad

Måndag 23. - tysdag 24. januar
Statssekretær Erling Rimestad er til stades på Tsjadsjøkonferansen. Konferansen er skipa til av FNs kontor for koordinering av det humanitære arbeidet, Ocha. Stad: Niamey, Niger

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 27. januar
Kl. 10.00: Statssekretær Erling Rimestad tek i mot Sør-Koreas ambassadør, Pil-woo Kim, for ein høflegheitsvisitt. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Tysdag 24. januar
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit innspelsmøte om FNs kvinnekommisjon i Kultur- og likestillingsdepartementet. Stad: Akersgata 59, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 25. januar
Kl. 13.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte på Stortinget med ukrainske fotballspelarar.

Pressekontakt: Poilitisk rådgjevar Syver Zachariassen 46 66 87 01