Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 6
Pressemelding | Dato: 03.02.2023 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 6, 2023.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt
Måndag 6. - tysdag 7. februar
Utanriksminister Anniken Huitfeldt gjestar Mexico. Der vil ho mellom anna vere vertskap for eit regionalt Oslo Forum saman med den mexikanske utanriksministeren Marcelo Ebrard. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Mexico by, Mexico
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Mariken Bruusgaard Harbitz (med på reisa), 99 09 35 38
Torsdag 9. februar
Kl. 20.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er til stades på ein middag som Det kongelege hoff held for det diplomatiske korps. Stad: Slottet, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Måndag 6. februar
Kl. 11.00: Utviklings- og nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på ei markering i Oslo Rådhus i samband med samefolkets dag.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 9. februar
Kl. 09.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, om høgare utdanning og forsking i det globale sør. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 20.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek i ein middag med det diplomatiske korps på Slottet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 10. februar
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Berekraftskonferansen på Universitetet i Bergen.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 6. februar
Kl. 08.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Natos visegeneralsekretær Mircea Geoana. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 7. - torsdag 9. februar
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på EU Arctic Forum på Grønland. Stad: Nuuk, Grønland
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Erling Rimestad
Tysdag 7. februar
Kl. 11.00: Statssekretær Erling Rimestad har eit møte med friviljuge organisasjonar som arbeider i Afghanistan. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 8. februar
Kl. 14.00: Statssekretær Erling Rimestad deltek digitalt på USA sitt utanriksministermøte Covid-19 Global Action Plan. Møtet vil være det siste i den USA-leia prosessen for å mobilisere politisk mot covid-19-pandemien og for framtidig beredskap mot pandemiar.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 9. februar
Kl. 14.30: Statssekretær Erling Rimestad deltek på Forsvar folkeretten og International Commission of Jurists sitt møte "En palestinsk stat - 75 år med brutte løfter. Retten til selvbestemmelse". Stad: Deichman Bjørvika, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Onsdag 8. februar
Kl. 15.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit digitalt seminar om skattekonvensjon (Financing the SDGs: Creating an alliance for a UN Tax Convention) i regi av Forum for utvikling og miljø og Kyrkjas Naudhjelp.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 9. februar
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ein panelsamtale om nordisk bistand i regi av Nupi. Stad: Nupi, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter Juan Pablo Uribe, leiar av Verdsbankens avdeling for helse og ernæring og GFF-fleirgivarfondet (den globale finansieringsmekanismen for kvinner, born og ungdom). Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02