Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 7
Pressemelding | Dato: 10.02.2023 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 7, 2023.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt
Onsdag 15. - torsdag 16. februar
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Etiopia der ho mellom anna skal delta på eit ministermøte i Den afrikanske union (AU) og ha samtalar med etiopiske styresmakter. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Addis Abeba, Etiopia
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 17. - laurdag 18. februar
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på ein tryggingspolitisk konferanse i München. Krigen i Ukraina og andre tryggingspolitiske spørsmål er tema. Sjå meir på konferansens nettsider.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad (med på reisa), 99 52 20 26
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Måndag 13. februar
Kl. 11.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter Aslak Sverdrup, administrerande direktør ved Akvariet i Bergen og Sissel Rogne frå Havforskingsinstituttet. Tema for møtet er hav i utviklingspolitikken. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 14.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek i ein lunsj på Slottet med Litauens president Gitanas Nauséda.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 14. februar
Kl. 12.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit lunsjmøte med FNs visegeneralsekretær Amina Mohammed. Stad: Grand Hotel, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 13.45: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim besøkjer matkultursenteret Geitmyra. Tema er mattryggleik, klimaendringar og global helse. Stad: Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 15. - torsdag 16. februar
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Education Cannot Wait (ECW) sin påfyllingskonferanse i Genève.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 17. - laurdag 18. februar
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på den internasjonale tryggingskonferansen i München. Følgjene av krigen i Ukraina for internasjonal mattryggleik og tryggingspolitikk og samanhengen mellom klimaendringar og tryggingspolitikk er på agendaen. Sjå meir på konferansens nettsider.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad (med på reisa), 99 52 20 26
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 13. februar
Kl. 08.45: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med den svenske Försvarsberedningen. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med U.S. Principal Deputy Assistant Secretary (PDAS) for energiressursar, Harry Kamain. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 18.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek i ein paneldiskusjon om pressefridom ("Press freedom under pressure") i Studentersamfundet i Trondheim. Diskusjonen er i samband med at den russiske avisa Doxa vann Studentanes fredspris 2023. Stad: Samfundet, Trondheim
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 14. februar
Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med assisterande utanriksråd og politisk direktør i det irske utanriksdepartementet, Sonja Hyland. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 15. februar
Kl. 13.15: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med generaldirektøren i Den internasjonale Raude Kross-rørslas internasjonale komité, Robert Mardini. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 14.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit humanitært forum skipa til av Raude Krossen i Noreg. Stad: Hausmanns gate 7 (Raude Krossen), Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 16. februar
Kl. 08.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson er til stades i samband med framlegginga av ein Fafo-rapport om EØS-midla. Stad: Borggata 2 (Fafo), Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit seminar ("Flaggfrukost: I krevjande farvatn med norsk flagg i hekken"). Seminaret er skipa til av Rederiforbundet. Stad: Rådhusgata 25, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Erling Rimestad
Måndag 13. - tysdag 14. februar
Statssekretær Erling Rimestad er i Dubai og Abu Dhabi for møte med norsk næringsliv, styresmaktene i Dei foreinte arabiske emirata (FAE) og Det internasjonale byrået for fornybar energi.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Tysdag 14. februar
Kl. 09.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær held innleiing på eit seminar om lokalt leia utvikling. Seminaret er skipa til av Norad. Stad: Norad, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 16. februar
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held opningsinnlegg på eit høgnivåmøte med Verdsbanken om utviklingsfinansiering. Stad: Sommerro hotel, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 14.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter Vietnams viseklimaminister Le Minh Ngan. Tema for møtet er grøn omstilling, rein energi, sirkulærøkonomi og heilskapleg havforvalting. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 17. februar
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på lanseringa av ny nasjonal handlingsplan for LHBT+ i Kultur- og likestillingsdepartementet. Stad: Auditoriet R5, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02