Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 9

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 9, 2023.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 27. februar
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit møte i FNs menneskerettsråd. Stad: Genève, Sveits

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 28. februar - onsdag 1. mars
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i England der ho mellom anna skal møte norske næringsinteressar og følgje kronprins Haakon som er på gjesting. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: London

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Mathias Rongved (med på reisa) 97 56 52 58 

Torsdag 2. mars
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på Kirkeneskonferansen. Under opphaldet vil utanriksministeren også ha møte med lokalt næringsliv og Barentssekretariatet. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Kirkenes

Pressekontakt: Pressekontakt:  Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83 

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 27. februar - onsdag 1. mars
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim gjestar Colombia. Sjå eigen presseinformasjon.  

Pressekontakt: Mariken Bruusgaard Harbitz (med på reisa),mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, +47 99 09 35 38

Torsdag 2. - fredag 3. mars
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim gjestar Panama og deltek på den internasjonale havkonferansen «Our Ocean 2023». Sjå eigen presseinformasjon.  

Pressekontakt: Mariken Bruusgaard Harbitz (med på reisa), mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, +47 99 09 35 38

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Tysdag 28. februar
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på Arbeiderbevegelsens nordiske samarbeidskomite (Samak) sitt nordiske toppmøte og årsmøte. Stad: Helsingfors, Finland

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Eirin Kjær, 92 29 59 15

Onsdag 1.- torsdag 2. mars
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på årets Kirkeneskonferanse der han mellom anna skal sitte i eit panel som skal diskutere The Geopolitical Barents. Stad: Kirkenes

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83 

Statssekretær Erling Rimestad

Tysdag 28. februar - fredag 3. mars
Statssekretær Erling Rimestad gjestar Vietnam og Thailand. Statssekretæren vil ha møte med norske næringsinteressar, følgje opp dialog om menneskerettar, møte friviljuge organisasjonar og ha møte med landas styresmakter. Stad: Hanoi og Bangkok

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Onsdag 1. mars
Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ei mottaking i høve bursdagen til keisaren av Japan. Mottakinga finn stad i residensen til den japanske ambassadøren til Noreg, Kawamura Hiroshi.   

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 2. mars
Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter vaksinekoalisjonen Cepis nestleiar Frederik Kristensen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02