Ingen funn av MRSA hos svin i Noreg dei siste fem åra
Nyheit | Dato: 20.03.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Det har ikkje vore påvist multiresistente bakteriar (MRSA) i heile det omfattande overvakingsprogrammet for MRSA for svin sidan 2019.

– Noreg har hatt mål om at MRSA ikkje skal finnast i norske svinehald. Takk vere godt samarbeid mellom Mattilsynet, Veterinærinstituttet og husdyrnæringa over fleire år, har me oppnådd dette. Dette er viktig for både god dyrehelse og mattryggleik, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
Veterinærinstituttet utfører overvakingsprogrammet på vegne av Mattilsynet. Føremålet med overvakingsprogrammet er å halda den norske svineproduksjonen fri for MRSA ved å identifisera positive besetningar for vidare smittesporing og sanering.
- Les meir hos Veterinærinstituttet: Ingen funn av MRSA hos svin i Norge på fem år - Veterinærinstituttet
- Les rapporten: MRSA hos griser i Noreg (PDF)
Sjølv om grisene ikkje blir sjuke av MRSA, er det vist at bakterien lett kan etablera seg hos gris. Då blir dei smitteberarar som igjen kan overføra smitten til andre besetningar og til menneske. Fordi MRSA-infeksjonar er vanskelegare å behandla, og gir store utfordringar i helseinstitusjonar, ønskjer ein ikkje at MRSA skal spreia seg.
Mattilsynet har informasjon om korleis ein varslar og melder ifrå om atibiotikaresistente bakteriar på nettsidene sine.
- Les meir hos Mattilsynet: MRSA | Mattilsynet
Regjeringas nye strategi «Nasjonal én-helse strategi mot antimikrobiell resistens 2024 – 2033» fører vidare målet for å halda oppe den gode statusen og unngå at norske svinebesetningar blir utvikla til å bli eit reservoar for smitte av MRSA til menneske.
- Regjeringas strategi «Nasjonal én-helse strategi mot antimikrobiell resistens 2024 – 2033»: Nasjonal én-helse strategi mot antimikrobiell resistens 2024–2033