Ingrid Gjerde ny sjef for Forsvarsstaben
Nyheit | Dato: 09.06.2023 | Forsvarsdepartementet
Generalmajor Ingrid Margrethe Gjerde vart i dag utnemnd i statsråd til generalløytnant i Hæren, og blir beordra i stillinga som sjef for Forsvarsstaben.
Gjerde har brei tenesteerfaring frå Hæren, mellom anna som kompanisjef i Telemark bataljon og sjef for Hans Majestet Kongens Garde. Ho har også vore sjef for Krigsskolen, stabssjef i Hærstaben og har erfaring frå Forsvarsstaben og Forsvarsdepartementet.
Generalmajor Gjerde har erfaring frå internasjonale operasjonar, mellom anna som troppssjef i Libanon, kompanisjef i Bosnia og som norsk kontingentsjef i Afghanistan i 2011 og 2012. For tida tenestegjer ho som sjef for FN-styrkane på Kypros.
Gjerde har høgare utdanning frå US Army Command and General Staff College i 2006 og US Army War College i 2013. Ho har i tillegg hovudfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo.
Ingrid Gjerde overtek jobben som sjef for Forsvarsstaben etter viseadmiral Elisabeth Natvig som går av for aldersgrensa.