Ingrid Nikoline Sand (Sp) ny politisk rådgjevar i Forsvarsdepartementet
Nyheit | Dato: 03.07.2023 | Forsvarsdepartementet
Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.
Statsministerens kontor engasjerte 3. juli 2023 Ingrid Nikoline Sand som politisk rådgjevar for forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
Ingrid Nikoline Sand kjem frå jobben som politisk rådgjevar i Kommunal- og distriksdepartementet, der ho har jobba sidan 22. oktober 2021. Sand kjem frå Kongsberg i Viken.