Nye kontraktar for lagring av matkorn

Andre runde i konkurransen om beredskapslagring av matkorn er gjennomført. Fire aktørar har fått tilslag på kontraktar med oppstart i 2026 og 2027. Innan 2029 skal Noreg ha 82 500 tonn matkorn på lager.

I fjor blei dei fyrste avtalene om beredskapslagring av matkorn inngått. No skal ein inngå kontraktar med desse fire aktørane for lagring frå 2026 og 2027: Norgesmøllene AS, Fiskå Mølle AS, Strand Unikorn AS og Vestfoldmøllene AS.

– Regjeringa satsar tungt på matsikkerheit, og det er grunnleggjande viktig at befolkninga har tilgang til nok og trygg mat. Med nye kontraktar byggjer me opp det nasjonale beredskapslageret for matkorn, og forsterkar det ytterlegare i tida som kjem. Det er eit viktig arbeid i ei uroleg tid, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).

Noreg skal innan 2029 etablera eit beredskapsager av matkorn på 82 500 tonn. Det skjer ved at staten kjøper inn 15 000 tonn korn i året inntil staten eig 82 500 tonn matkveite. Det svarar til eit forbruk til bakeri, industri og hushald på om lag tre månader.

Lagera blir bygde opp over ein periode på seks år. I juli 2024 inngjekk Landbruksdirektoratet kontraktar for oppstart av lagring.

Dei fire aktørane som fekk kontrakt på å lagra korn ved oppstart i 2024 og 2025 var Norgesmøllene AS, Fiskå Mølle AS, Strand Unikorn AS og Lantmannen Cerealia AS. Ved utgangen av 2024 var det 15 000 tonn matkorn på beredskapslager, i tråd med planen.

Kontraktane for lagring frå 2028 og 2029 blir lystre ut i mars/april 2025.

Meir om beredskapslagring av korn:

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.