Innkvartering skal godkjennast på førehand
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Dato: 19.02.2021
Arbeidsgjevarar som stiller innkvartering til disposisjon for utanlandske arbeidarar må få godkjent bustadane av Arbeidstilsynet på førehand. Regjeringa kjem med framlegg til ny godkjenningsordning.
– Arbeidstilsynet finn altfor mange brot på smittevernsreglane når dei kontrollerer innkvartering for utanlandske arbeidarar. Derfor foreslår regjeringa at innkvarteringsstadene skal vera godkjende på førehand av Arbeidstilsynet slik at det blir enklare å ha kontroll på smittevernet, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.
Ved innreise til Noreg er det krav om å vere i karantene, og som hovudregel skal karantenen vere på karantenehotell. Personar som kjem til Noreg for å utføre arbeid eller oppdrag, og som kan dokumentere at arbeidsgjevar stiller ein eigna opphaldsstad til disposjon har ikkje plikt til å bu på karantenehotell. Det er desse opphaldsstadene arbeidsgjevar no må få godkjende på førehand.
– Omsynet til smittevern er den høgaste prioriteringa til Arbeidstilsynet for tida. For å sjekke om arbeidsgjevar fyller kriteria for innkvarteringsstad, kan Arbeidstilsynet både før og etter godkjenning kome på synfaring. Det kan dei og få bistand frå kommunane til å gjere. Ved brot på reglane kan Arbeidstilsynet velje å ikkje godkjenne søknaden, eller trekkje tilbake ein allereie godkjend søknad, seier arbeids- og sosialministeren.
I søknaden til Arbeidstilsynet om godkjenning skal arbeidsgjevar dokumentere at det er mogleg å bu der utan å ha kontakt med andre. Arbeidstakar skal ha eige bad og eige kjøkken eller matservering, og einerom med TV og internett. Det er også eit krav at tillitsvalde skal uttale seg i søknaden.
Søknaden skal sendast på eit fastlagt skjema til Arbeidstilsynet, og arbeidsgjevar må betale eit gebyr for sakshandsaminga. I tillegg vil arbeids- og sosialministeren foreslå meir pengar til Arbeidstilsynet i revidert nasjonalbudsjett.
I prioriteringa av søknader blir samfunnsmessige omsyn og innreiserestriksjonar vektlagte.
Regjeringa foreslår at forskrifta trer i kraft mandag 22. februar.