Innspel til EUs arbeid med fremtidig elmarkedsdesign

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Olje- og energidepartementet har sendt nytt høyringsinnspel knytt til forslaga frå Europakommisjonen publiserte 14. mars 2023, til endringar i regelverk knytt til elmarknadsdesign. Medlemslanda i EU og i Europaparlamentet forhandlar no forslaga, før det blir vedteke i EU.

Departementet har òg tidlegare sendt høyringsinnspel til Europakommisjonen. Forslaga har vore på høyring i Noreg, med høyringsfrist 28. april 

Det eine forslaget er ei forordning om å endre EUs marknadsdesign for elektrisitet.

Dei regelverka som blir endra i dette forslaget er Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/943 om den indre marknaden for elektrisitet (elektrisitetsforordningen), Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/942 om opprettinga av eit byrå for samarbeid mellom energireguleringsmyndigheiter (ACER-forordninga), Europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) 2018/2001 om auka bruk av fornybar energi (fornybardirektivet) og Europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) 2019/944 om den indre marknaden for energi (elmarknadsdirektivet)

Det andre forslaget har som mål å betre vern mot markedsmanipulasjon i engrosmarknaden. Dette forslaget endrar to forordningar som er knytte til den indre energimarknaden, Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 1227/2011 om integritet og transparens i energimarkedet (REMIT-forordninga) og ACER-forordninga (EU) 2017/942.

Olje- og energidepartementets høyringsinnspel til regelverksforslaga kan ein lese her: