Innspel til den internasjonale strategien for kulturpolitikken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 15.01.2021
Deltek du i eller har du kunnskap om internasjonalt kultursamarbeid? Arbeider du med eksport av norsk kunst og kultur? Vi vil gjerne høyre om dine erfaringar og få innspel om kva som skal til for å få ein god internasjonal strategi for kulturpolitikken.
Kulturdepartementet (KUD) og Utanriksdepartementet (UD) utarbeidar no ein internasjonal strategi for kulturpolitikken. Strategien er ei oppfølging av Meld. St. 8 (2018-2019): Kulturens kraft – ein kulturpolitikk for framtida. Målet er å utnytte ressursar og kompetanse på best mogleg måte. Strategien skal bidra til å gjennomføre dei internasjonale aspekta og ambisjonane i kulturpolitikken.
Internasjonal verksemd er ein integrert del av arbeidet for mange aktørar på kunst- og kulturfeltet i Noreg. Å arbeide internasjonalt utviklar og aukar kompetansen til kulturaktørar i heile Noreg, anten det gjeld små frigrupper eller store institusjonar. Globalisering, digitalisering og auka mobilitet påverkar dei internasjonale moglegheitene for norske kultur- og kunstaktørar. Kunstnarar og kulturarbeidarar inngår i aukande grad i større fagfellesskap på tvers av grensene. Korona-pandemien har satt mange av kulturlivet sine aktivitetar på vent nasjonalt og internasjonalt, men har òg gitt opphav til nye møte- og arbeidsformer og aktivitetar.
Formålet med strategien er å sørgje for at statlege verkemiddel støttar opp kring den internasjonale utviklinga i kunst- og kulturfelta og -bransjane og dei kulturpolitiske målsetningane, samt sikrar ein fleksibel, langsiktig og samordna internasjonal innsats.
KUD og UD ønskjer skriftlege innspel til strategien. Kultureksport og internasjonalt kultursamarbeid handlar om alle kulturuttrykk og alle typar kulturaktørar. Det gjeld både å løfte fram nye stemmer og å ta vare på dei etablerte. Vi er interesserte i innspel frå eit breitt spekter av kulturaktørar med ulike mål, erfaringar og ambisjonar på det internasjonale området.
Vi ønskjer særleg innspel på følgjande spørsmål - nemn gjerne døme:
- Kva er bakgrunnen og motivasjonen for at de arbeider internasjonalt? Har du eller din organisasjon blitt styrka kunstnarisk og økonomisk gjennom arbeidet?
- Etter di eller dykkar erfaring, kva endrar seg når kulturaktivitetar, -prosjekt og -samarbeid kryssar grenser? Kva blir betre, og kva blir vanskelegare?
- Kva må til for at du eller din organisasjon skal lukkast med den internasjonale verksemda? Kan du kome med døme på situasjonar der det offentlege kunne vore med på å gjere arbeidet enklare for dykk?
- Kva for offentlege instansar i høve det internasjonale arbeidet de driv med har de vore i kontakt med, og til dømes fått rettleiing eller søkt støtte for å utvikle og gjennomføre internasjonale aktivitetar? Kva er erfaringa med det? Kunne noko vore gjort annleis eller betre? Døme på instansar kan vere utanriksstasjonar, ein av organisasjonane i Norwegian Arts Abroad-nettverket (Danse- og teatersentrum, Design og Arkitektur Norge Doga, Office for Contemporary Art Norway OCA, Norla, Norsk Filminstitutt, Norwegian Crafts og Music Norway), Kreativt Europa-deskane i Norsk kulturråd og Norsk Filminstitutt, Kulturrådet eller anna etat som arbeider med EØS-midlane, samt fylkeskommunane.
- Kva endringar (permanente eller forbigåande) har korona-pandemien ført til i det internasjonale arbeidet for din organisasjon?
For å kome med innspel til strategien, bruk den digitale løysninga for ved å klikke på "Send inn innspel". Innspel er offentlege etter offentleglova. Vi gjer merksam på at innspela ikkje vil bli svard på..
Fristen for å sende innspel var 28. februar 2021.