Presseinvitasjon:
Innspelsmøte om barnet sine første tusen dagar
Nyheit | Dato: 09.02.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kunnskapsdepartementet
Helse- og omsorgsministeren og barne- og familieministeren inviterer til innspelsmøte, kor temaet er barnets første tusen dagar.
Tid: Tysdag 13.februar kl 12.00 – 15.00
Sted: Scandic Hotell Nidelven i Trondheim
Tida frå unnfanging til barnet er to år er av stor betydning for barnet sin seinare helse- og livssituasjon.
Korleis kan vi fremje god helse hos barn og føresette i denne viktige perioden? Det ønsker regjeringa innspel på og vil vere tema for møtet.
Dette er det andre av totalt fire innspelsmøter i samband med arbeidet med ei stortingsmelding om sosial utjamning og mobilitet.
Dei overordna måla for meldinga er å:
- Redusere skilnader i levekår for barn og unge og deira familiar
- Auke sosial mobilitet – levekårsutfordringar skal ikkje gå i arv
Døme på overordna diskusjonspunkt i dette møtet er foreldrestøtte, tenestetilbod og ytingar.
Aktørar som jobbar med desse temaa vil vere til stades på møtet, og det blir spanande innlegg og gruppediskusjonar som grunnlag for innspelsprosessen.
I tillegg til helse- og omsorgsministeren og barne- og familieministeren vil også statssekretærar frå Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet vere til stades.