Innspelsmøte om ingeniørutdanningane
Nyheit | Dato: 02.02.2023 | Kunnskapsdepartementet
Den 6. februar arrangerte statsråd Ola Borten Moe innspelsmøte om ingeniørutdanning i høve stortingsmeldinga om profesjonsutdanningar.
Møtet vart halde på UiT Noregs arktiske universitet sin studiestad i Narvik. Dette var det tredje av seks slike innspelsmøte fram mot påske.
«Fleire flinke ingeniørar for det grøne skifte» var hovedtema for møtet. Viktige problemstillingar i denne samanhengen var samarbeid mellom universitet og høgskolar og lokalt og regionalt arbeidsliv og framtidig kompetansebehov.
Møtet var for inviterte deltakarar frå universitet og høgskular, organisasjonar, kommunar, næringsliv og andre frå sektoren.
Program: Fleire flinke ingeniørar for det grøne skiftet
Tid: 14:00 - 16:30
Sted: UiT Narvik
14:00 Velkommen ved UiT
14.05 Innleiing v/statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel
Ingeniørutdanningane - innhald, organisering og framtidas kompetansebehov
14:20 UiT om ingeniørutdanning i og for nord. v/prodekan for utdanning ved fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Bjørn-Tore Esjeholm.
Samarbeid mellom UH og lokalt og regionalt arbeidsliv for å sikre kompetanse for å gjennomføre det grøne skiftet
14:30 TECO 2030 om samarbeidet med UH om behovet for kompetanse
v/Fredrik Aarskog, Director Business Development
14:40 FREYR Battery om samarbeidet med UH om behovet for kompetanse. v/Lars Kvadsheim, VP HR & Sustainability Operations
14:50 Narvik kommune - Får kommunen dei ingeniørane dei treng. v/ Rådmann Lars Skjønnås
15:00 Studentrepresentanter - Får studentene den kompetansen dei treng gjennnom utdanninga slik at dei er godt førebudde når dei skal ut i arbeidslivet? v/student på bachelorutdanning i ingeniørfag – elkraft, Ingeborg Elise Halgunset og student på bachelorutdanning i ingeniørfag- maskin, Madelen Garnes
15:10 Pause
15:30 Diskusjon om førehandsmeldte spørsmål. Statsråd Ola Borten Moe vil leie diskusjonen
16:30 Slutt
Her kan du sjå den delen av møte som vart strømma.
Frå rundt påsketider og fram mot sommaren, vil alle som ønskjer det, få moglegheit til å sende inn skriftlege innspel. Meir informasjon om dette vil leggjast ut på nettsida etter kvart.