Inntektsnedgang for jordbruket i driftsgranskingane for 2023
Nyheit | Dato: 11.12.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Driftsgranskingane syner ein nedgang i jordbruksinntekt per årsverk på 26 prosent frå 2022 til 2023. Resultata varierer mellom driftsformer, bruksstorleik og i ulike delar av landet.
Driftsgranskingane syner ein nedgang i jordbruksinntekt per årsverk på 26 prosent frå 2022 til 2023. Det skjer etter tre år på rad med auke i inntektene, og ein auke på 22 prosent i 2022. Gjennomsnittleg jordbruksinntekt per årsverk for bruka i driftsgranskingane landa på 363 900 kroner, mot 492 900 kroner i 2022.
Der 2022 var eit særs godt år, slo mange faktorar uheldig ut for jordbruket i 2023. Dårleg vêr, med tørke på forsommaren og seinare regn og uvêret Hans, bidrog til sterkt reduserte avlingar i store delar av landet. Det var prisauke på mange innsatsfaktorar, mellom anna gjødsel og kraftfôr. Renteauken slo også inn i rekneskapa til mange bønder i 2023. Prisane på jordbruksprodukt, derimot, var i stort om lag uendra frå året før.
- Les meir om driftsgranskingane og resultata hjå Nibio: Jordbruksinntekta gjekk ned med 26 prosent i 2023 - Nibio
Bruka i driftsgranskingane fekk auka tilskota over jordbruksavtalen med 19 prosent eller 150 000 kroner i gjennomsnitt i 2023, som følgje av jordbruksoppgjeret i 2022. Avtalen i 2022 innebar 10,9 mrd. kroner i samla auka overføringar og målprisar over to år.
Det er stor variasjon i resultata mellom driftsformer, bruksstorleik og i ulike delar av landet, og også mellom relativt likearta bruk. 2023 var eit særs dårleg år for kornprodusentane på Austlandet, mens fruktbøndene kom relativt godt ut. Husdyrprodusentane hadde også inntektsnedgang.
Dette seier landbruks- og matminister Geir Pollestad om resultata:
– 2023 var eit krevjande år for jordbruket. Avlingssvikt, auka kostnader og auka renter bidrog til dei dårlege resultata. Resultata ville vore endå verre utan den store auken i tilskota frå jordbruksoppgjeret 2022. Heldigvis ser avlingsåret 2024 ut til å ha vore betre. Eg vonar at dei gode jordbruksoppgjera i 2023 og 2024, dei oppgjera regjeringa vil gjennomføre i åra som kjem, opptrappingsplanen til regjeringa og auka produksjon av norske jordbruksvarer, vil bidra til meir positive resultat i 2024 og for framtida vidare. Tala syner òg at det er investeringsvilje.
Driftsgranskingane, som NIBIO utfører, baserer seg på ei årleg rekneskapsundersøking som omfattar nesten 1000 gardsbruk. Desse er utvalde slik at dei representerer ulike landsdelar, storleiksgrupper og driftsformer.