Inntektsutvalet for jordbruket ber om innspel
Nyheit | Dato: 15.10.2021 | Landbruks- og matdepartementet
Regjeringa Solberg sette den 13. august ned eit ekspertutval som skal vurdera grunnlag og føresetnader for å samanlikna næringsinntekter i jordbruket med løn for arbeidstakarar. Les dei første innspela.
Ekspertutvalet, til dagleg kalla Inntektsutvalet, skal levera ei innstilling i form av ein NOU innan 1. juli 2022. Utvalet er i gong med arbeidet. Dei har alt gjennomført innspelsmøter med relevante organisasjonar og personar, men vil gjerne ha innspel frå fleire.
Alle interesserte er derfor inviterte til å senda inn skriftlege bidrag på e-post til: inntektsutvalget@lmd.dep.no
Innspela blir offentleggjort på denne nettsida etter kvart som dei kjem inn. Det blir mogleg å gje innspel fram til 31.12.2021. Når utvalet er ferdig med arbeidet sitt, vil NOU'en bli sendt ut på vanleg høyring.
Her kan du lesa om mandatet og samansetjinga av utvalet: