Insentivordning for ny dramatikk

– Norsk dramatikk, enten det er Ibsen eller Fosse, har sett ord på vår samtid, både på norske scener og store og små scener i utlandet. Eg ynskjer meir ny og god norsk dramatikk. Difor etablerer vi ei insentivordning for ny norsk dramatikk for å bidra til at fleire scenekunstinstitusjonar i Noreg kan løfte nyskriven dramatikk inn på scener i heile landet, og slik gjere teater relevant for eit større og breiare publikum, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Samtale rundt bordet, statsråden har ordet.
Kultur- og likestillingsministeren fekk god respons då hun orienterte om ordninga. Frå venstre: Kunstnarisk leiar ved Dramatikkens hus, Morten Cranner, forbundsleiar i Dramatikerforbundet, Ellisiv Lindkvist, kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og dramatikar Arne Lygre. Foto: KUD

Ordninga vil vere todelt og kome både institusjonsfeltet og det frie scenekunstfeltet til gode.  Det er sett av fem millionar kroner frå spelemidlane til ordninga, og ei forskrift sendast  no ut på høyring. Etter planen kan ordninga tre i kraft på nyåret.

– Teateret er ein viktig samfunns- og debattarena, ein stad for ytringsmangfald og ein stad for å setje søkelys på viktige samfunnsforhold. Men spørsmåla og temaa som blir tekne opp på scena, må spegle den røyndomen vi lever i, og dei må opplevast relevante. Derfor er det viktig å stimulere til at scener i Noreg set opp samtidsdramatikk som er skapt i Noreg, seier Jaffery.

Eit kunstnarpolitisk tiltak

I tillegg til å bidra til meir mangfald på scenene landet over, er ordninga eit viktig kunstnarpolitisk tiltak. Ordninga vil bidra til at kunstnarane, i dette tilfellet dramatikaren, får rimeleg betalt for arbeidet sitt.

Ordninga vil òg bidra til at all den gode dramatikken som blir produsert i Noreg i dag, får ein veg til scena. Det finst mange store dramatikarar i Noreg i dag, og utfordringa er ikkje først og fremst at det blir skrive for lite ny dramatikk. Utfordringa er å få samtidsdramatikken oppført.

Scenekunstinstitusjonane har allereie tronge økonomiske rammer, og det kan derfor vere vanskeleg å prioritere samtidsdramatikken, som har høgare kostnader knytt til seg.

– Ved at staten tek ein del av kostnaden knytt til oppføring av samtidsdramatikk, vil vi gi institusjonane rom til å prioritera iscenesetjing av ny dramatikk. For det tek tid å etablere seg som dramatikar, og det vil vi gjere litt enklare, seier Lubna Jaffery.