Internasjonale jernbanetransportar: Regjeringa foreslår nye reglar for å styrkje sikkerheita

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Regjeringa ønskjer å bidra til å styrkje sikkerheita for internasjonale jernbanetransportar. Dei siste åra har vi sett ein stor auke i internasjonal godstogtrafikk på lengre strekningar, ikkje minst mellom Asia og Europa. Proposisjonen som vi no legg fram for Stortinget, er eit bidrag til at nye krav til sikker togdrift for desse transportane kan tre i kraft, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Noreg er medlem i den internasjonale jernbaneorganisasjonen OTIF. Organisasjonen arbeider for å leggje forholda betre til rette for internasjonal jernbanetransport, særleg utanfor EU/EØS-området.

For at nye reglar om sikker togdrift for internasjonal jernbanetransport skal tre i kraft, er det nødvendig å oppdatere og modernisere den gjeldande overeinskomsten mellom medlemslanda. Den viktigaste endringa inneber å stille krav til sikkerheitssertifikat for togselskapa. Slike krav har vært gjeldande i Noreg i eit par tiår allereie, men no vil dei gjelde tilsvarande i alle medlemsstatane.   

Viktig med norsk bidrag
Det er nødvendig at 2/3 av medlemsstatene i OTIF godkjenner endringane for at dei skal tre i kraft. Førebels har ikke nok statar gjort dette. Dersom Stortinget vedtar lov- og samtykkeproposisjonen frå regjeringa, vil Noreg bidra til at dei nye reglane trer i kraft.

Om OTIF
Organisasjonen OTIF har 51 medlemsstatar i Europa, Asia og Afrika. For å samsvare med krava til sikkerheit og teknisk harmonisering som gjeld etter EØS-avtala, blei overeinskomsten mellom medlemsstatane (COTIF) endra både i 2015 og 2018.

Nasjonal utøving av myndigheit
Avtalen omfattar ikkje overnasjonal myndigheitsutøving, sidan COTIF er ein tradisjonell folkerettsleg avtale. Statens jernbanetilsyn vil halde fram med å utøve myndigheit i Noreg etter jernbanelova, slik tilsynet gjer i dag.

For fleire opplysningar – sjå: