Internasjonalt skattesamarbeid i FN

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I dag stemde FN over ein resolusjon, som skal bidra til auka skattesamarbeid, med mål om at det mellom anna blir mindre ulovleg kapitalflyt mellom land og vanskelegare å unndra skatt. Dei fleste vestlege land stemde mot resolusjonen, men Noreg valde å stemme avståande.

– Vi har ein tydeleg ambisjon om at Noreg skal vere leiande på internasjonalt skattesamarbeid. Det er ein del av innsatsen mot global urettferdig fordeling og støttar opp under berekraftsmåla, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

– Diskusjonen i FN viser at ei auka erkjenning av at dagens skattesystem ikkje i tilstrekkeleg grad evnar å få bukt med ulovleg kapitalflyt og skattesvik. Det påverkar finansieringa av berekraftsmåla, spesielt i utviklingsland. Det er tapte inntekter som ikkje berre påverkar fattige land, men også skaper utfordringar for heile verda. Tilliten til institusjonar og demokratiet står på spel. Vi har alle eit ansvar for å auke innsatsen, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

– I tråd med Hurdalsplattforma har Regjeringa ein klar ambisjon om at Noreg skal innta ei leiande rolle innan internasjonalt skattesamarbeid og i kampen mot skattesvik og ulovleg kapitalflyt, legg Tvinnereim til.

For å sikre ein god prosess meiner Noreg at det først burde ha vore ei grundig utgreiing av forslaget om rammekonvensjon. Noreg foreslo derfor å opprette ei arbeidsgruppe for ein heilskapleg analyse av kva konvensjonen skal innehalde og korleis han skal spele saman med eksisterande skattestrukturar. Noreg er òg oppteke av at OECD lykkast med pågåande prosessar, og vil halde fram med å vere fullt investert i desse. Sjølv om resolusjonen blei vedteken utan utgreiing, ønskjer Noreg å delta konstruktivt i neste fase. Vi stemde derfor avståande, ikkje for.

– Ved å stemme avståande, håpar Noreg å spele ei brubyggjarrolle mellom det globale sør og nord, som har gitt uttrykk for usemje i korleis internasjonalt skattesamarbeid skal finne stad, og om FN eller OECD er ryddige spor. Vi meiner begge prosessane må gjensidig forsterke arbeidet til kvarandre. Og vi vil bidra til eigarskap og legitimitet blant alle FN-land, som speler saman med dei initiativa som allereie finst, seier Espen Barth Eide.