Invitasjon til å gi skriftlege innspel til ekspertgruppa som skal evaluere pasientskadeordninga

Helse- og omsorgsdepartementet har oppnemnd ei ekspertgruppe som skal evaluere pasientskadeordninga.

Norsk Pasientskadeerstatning, Helseklage og Pasientskadenemnda er ansvarlege for å behandle søknader om økonomisk erstatning frå staten til personar som har fått ei skade etter svikt ved helsehjelp i det norske helsevesenet. 

Ei ekspertgruppe som er oppnemnd til å evaluere pasientskadeordninga skal beskrive dagens rutinar for saksbehandling, vurdere utfordringar og kome med anbefalingar til eventuelle forbetringar for å sikre god kvalitet og effektivitet i behandling av søknader om erstatning. I samband med arbeidet er privatpersonar, organisasjonar og andre relevante aktørar invitert til å levere skriftlig innspel til arbeidet.

Ekspertgruppa har frist for å levere sine anbefalingar innan 1. juli 2024, og innspel bør derfor bli sendt inn så snart som mogleg, og seinast innan 14. mars 2024.

Du kan sende innspel til pasientskadeordningen-innspill@hod.dep.no. Det bør kome fram om du sender innspelet ditt som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Departementet understreker at alle innspel er offentlege, jf. offentleglova. Personsensitiv informasjon i innspel frå privatpersoner er omfatta av teieplikta. Ekspertgruppa journalfører innspela.

Departementet ber ekspertgruppa om å:

  • beskrive gjeldande rutinar for saksbehandling, inkludert bruk og utvelging av sakkunnige, korleis rutinane blir praktisert og fulgt opp, og korleis søkarar om erstatning blir varetatt,
  • vurdere kva som eventuelt er utfordringane med dagens rutinar, mellom anna vurdere om og i kva grad rutinane er effektive og sørger for at den samla saksbehandlingstida blir korta ned i heile kjeda,
  • kome med anbefalingar om korleis saksbehandlinga, mellom anna rutinane, kan bli betra,
  • utgreie dei økonomiske og administrative konsekvensane av sine forslag, inkludert korleis dei føreslåtte tiltaka eventuelt vil påverke saksbehandlingstid mv.

Ekspertgruppa sine medlemmer

  • Bjørn Henning Østenstad, UiB (leiar), Bergen
  • Camilla Dalland, Helfo, Nøtterøy
  • Janne Larsen, Roander & co, Oslo
  • Ståle Onsgård Sagabråten, spesialist i allmennmedisin, Nesbyen
  • Per Oretorp, Personskadeforbundet LTN, Oslo