Invitasjon til overlevering av NOU frå Husleielovutvalget

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande inviterer til overlevering av Husleigelovutvalet sin sluttrapport fredag 18. oktober kl. 12.00 i Marmorhallen.

– Husleigelova er ei viktig lov for over ein million leigarar og utleigarar. Eg er veldig spent på å høyre meir om kva Husleigelovutvalet forslår av endringar for å sikre trygge og gode buforhold, seier Sande.

Husleigelovutvalet vart oppnemnd av regjeringa 16. juni 2023. Målet for arbeidet til utvalet er mellom anna å vurdere, og foreslå, endringar som styrker leigarar sine rettar og sikrar grunnleggjande butryggleik, samt vurdere endringar som gjer at lova er tilpassa dagens situasjon i leigemarknaden.

Husleielovutvalet har allereie levert ein delrapport som omhandlar kontraktslengde og oppseiingsvern i bustadleigeforhold. I sluttrapporten som Husleigelovutvalet no skal levere har dei sett på resten av husleigelova og kjem med forslag til ein fornya lov.

Leier av utvalet, Jardar Sørvoll, vil presentere og overlevere NOU-en til kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Statsråden og utvalsleiar vil vere tilgjengeleg for intervju etter framlegginga.

Overleveringa er open for alle.

Tid: Fredag 18. oktober 2024, kl. 12.00. (Dørene opnar kl. 11.30.)
Stad: Marmorhallen, Kongens gate 20.

Pressekontakt: Hilde Greve Mo – hilde.greve.mo@kdd.dep.no tlf: 91 33 87 78

Påmeldingsfrist: 14. oktober

Presse som ønskjer å vere til stades kan melde seg på til presse@kdd.dep.no innan 17. oktober klokka 16.00.

Pressa møter opp frå kl. 11.30. Ta med pressekort og gyldig id.

Strøyming: Pressekonferansen vil bli strøymd på www.regjeringen.no/kdd

Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til medium som vil senda pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-postdss-videoproduksjon@dss.dep.no

Presse som ønskjer å byggja inn nett-tv-sendinga på nettsidene sine finn embed-kode ved å trykkja «Del video»-knappen i videospelaren på sida

Les Husleigelovutvalet sitt mandat her.