Inviterer kommunar til å opprette nærtenestesenter

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa ønsker å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege for folk, særleg i område med lange avstandar. Kommunar som har eit servicetorg, tenestetorg eller liknande blir no inviterte til å søke om å få vere med på dette nybrottsarbeidet.

– Målet med nærtenestesenter er å gi folk ein enklare kvardag. Høgre og den førre regjeringa sentraliserte statlege publikumstenester over ein lav sko, det var vi i Senterpartiet og Ap ueinige i. Derfor inviterer regjeringa no kommunane til å vere med på å prøve ut ulike former for samlokalisering av statlege og kommunale publikumstenester. Nærtenestesentra skal bidra til at staten og kommunane saman kan gi folk eit betre tilbod i heile Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp)

Inntil ti pilotar

Kommunal- og distriktsdepartementet samarbeider med andre departement som har ansvar for statlege publikumstenester, for å rigge 5 til 10 lokale pilotar som kan gi ny kunnskap om korleis alle delar av landet kan få eit godt tenestetilbod.

Offentleg forvaltning er i endring, og mange tenester er digitaliserte. Pilotane kan omfatte samarbeid om tenester som folk må møte opp til fordi dei krev legitimering, men og tiltak som gjer det enklare for innbyggjarane å ta i bruk digitale, offentlege tenester.

Gode tenestetilbod

– Eg håpar at vi får inn mange gode søknadar med forslag til korleis lokale og nasjonale styresmakter kan samarbeide for å gi eit godt tenestetilbod til innbyggjarane lokalt. Staten og kommunane er til for innbyggjarane, og då må vi vere til stades nær folks kvardag, seier Sande.

Prosjektperioden i kommunane startar i 2024 og varer til og med 2026.  Frist for å søke er 30. desember.

Les meir om pilotordninga her.