Presseinvitasjon
Inviterer til nordisk-baltisk IT-konferanse
Pressemelding | Dato: 30.08.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet og Nordisk ministerråd inviterer til konferansen «DIGITAL NORTH – A digital and sustainable Nordic-Baltic region».
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) opnar konferansen som samlar politikarar og leiarar frå næringsliv, industri og offentleg sektor i dei nordisk-baltiske landa.
Saman skal dei utforske korleis digitalisering kan fremje berekraftig utvikling. Her vil nokre av dei beste eksempla på innovative prosjekt og tenester i regionen bli vist fram.
- Tid: 7. september kl. 09:00 – 15:00. Du kan delta både fysisk og digitalt.
- Stad: Nasjonalmuseet, Brynjulf Bulls plass 3, Oslo.
- Sjå program og påmelding.
Media er velkomne til å delta.
Pressekontakt
E-post: ke@kdd.dep.no
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00