Forsvarsministeren til nordisk forsvarsministermøte på Island
Nyheit | Dato: 15.06.2023 | Forsvarsdepartementet
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) vil møte sine nordiske kollegaer i Reykjavik 20.-21. juni.
Tema for møtet er blant anna vidareutvikling av det nordiske forsvarssamarbeidet og vegen vidare fram mot NATO-toppmøtet i juli. Sikkerheitssituasjonen og støtte til Ukraina vil også bli tatt opp.
- Det nordiske forsvarssamarbeidet er viktigare enn nokon gong. Med Finland inne i NATO og Sverige på veg inn, er det ekstra viktig at vi samarbeider tett for å få mest mogleg ut av at vi snart er samla i ein og same allianse, seier Gram.
Informasjon til media:
Det vil bli arrangert eit pressemøte om ettermiddagen 20. juni. Ta kontakt for meir informasjon.
Kontaktperson for forsvarsministeren:
Marita I. Wangberg, e-post miw@fd.dep.no, telefon 90512319.
Bilete frå møtet vil bli publisert her: https://www.flickr.com/photos/utanrikisraduneyti/ [flickr.com]