Jegerprøveeksamen er no ein app

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Etter 10 år med elektronisk jegerprøveeksamen, skal deltakarane no gjennomføre eksamen i den nye appen Jegerprøveeksamen.

– Noreg ligg langt framme på digitale tenester og den nye appen for jegerprøveeksamen er eit godt eksempel på dette, seier landbruks- og matminister Sandra Borch. Miljødirektoratet har over fleire år arbeidd og lagt til rette for utvikling av digitale løysingar for jegaren og viltforvaltninga, noko som direktoratet fortener honnør for, seier Sandra Borch.

Jegerprøva består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. I 2022 var det 12 500 nye jegerar som bestod jegerprøveeksamen i Noreg.

Landbruks- og matminister Sandra Borch på elgjakt i høst.
Landbruks- og matminister Sandra Borch på elgjakt i haust saman med frå v. styreleiar i NJFF, Knut Arne Gjems og seniorrådgevar Espen Stokke i LMD. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Enklare for kommunane

Det er kommunane som arrangerer jegerprøveeksamen. Dei siste åra har det vore utfordrande for mange kommunar å gi tilgang til klasseromssett med PC-ar. Mange stader finst det ikkje kursrom eller datasalar lenger, og i skulen har dei fleste elevane eige nettbrett eller PC.

Med den nye appen vil deltakarane gjennomføre jegerprøveeksamen med sin eigen mobil eller nettbrett. Det vil gjere gjennomføringa av jegerprøveeksamen enklare og meir effektivt for kommunane.