Jobbsjansen ga 8 av 10 innvandrerkvinner arbeid
Nyheit | Dato: 21.06.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
76 prosent av deltakarane i Jobbsjansen gjekk direkte over til jobb eller utdanning i 2023. Tilbodet er til heimeverande innvandrerkvinner som står langt i frå arbeidslivet.
– Dette er veldig gode tal. Fortsatt er det altfor mange innvandrarkvinner som står utanfor arbeidslivet, men Jobbsjansen fungerer for å få fleire innvandrerkvinner i arbeid! Derfor valde regjeringa å styrke ordninga med 20 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2024, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna
Målgruppa for Jobbsjansen er heimeverande innvandrerkvinner som har svak tilknyting til arbeidslivet og som heller ikkje deltek i ordinær utdanning.
– Vi forventar at folk som kjem til Noreg raskt kjem i jobb, og kan forsørgje seg sjølve. For å få til det, må vi både stille krav og stille opp. Gjennom tilpassa oppfølging bidreg Jobbsjansen til at fleire heimeverande innvandrarkvinner får den kvalifiseringa dei treng for å kome inn i arbeid eller utdanning. Dette er enormt viktig, både for at vi skal få fleire hender i arbeid, men òg for at kvinnene kan bli godt integrerte og sjølvstendige, seier arbeids- og inkluderingsministeren.
Jobbsjansen er eit individuelt tilpassa program som skal gi betre kvalifikasjonar for varig tilknyting til arbeidslivet og økonomisk sjølvstende. Programmet har særleg fokus på tidleg utplassering på ordinær arbeidsplass.
Det var i alt 489 kvinner med innvandrarbakgrunn som avslutta tida si i i Jobbsjansen i 2023. Av desse gjekk 76 prosent direkte over til arbeid eller vidare utdanning.
I 2023 var det 1 200 deltakarar i Jobbsjansen, fordelt på 21 kommunar og 9 ulike bydelar i Oslo. I perioden 2019 til 2023 har mellom 74 og 79 prosent av deltakarane gått direkte over i arbeid eller utdanning etter endt program.