Justering av retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar
Nyheit | Dato: 27.09.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa har justert retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Dei nye retningslinjene, som i dag blei fastsette ved kongeleg resolusjon, er meir på line med måten dei har vore praktiserte på etter førre endring.
– Regjeringa er svært oppteken av at statlege arbeidsplassar blir fordelte ut over landet slik at det er med på å skape gode arbeidsmarknader i alle delar av Noreg. Statlege arbeidsplassar er med på å skape varierte og attraktive arbeidsmarknader, derfor er det viktig at desse blir fordelte godt geografisk, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Dei justerte retningslinjene gjer det klarare at Oslo og sentrale kommunar i Oslo-området ikkje er sidestilte med dei andre store norske byane i lokaliseringssaker. Dette er i tråd med måten retningslinjene har vore praktiserte på sidan siste endring i 2022.
Praktiseringa av retningslinjene vil framleis vere at lokalisering til Oslo og andre av dei større byane skal vurderast i kvar einskild sak, ut frå sektorpolitiske og lokaliseringspolitiske mål.
Kravet i retningslinjene om at eitt av tre lokaliseringsalternativ som blir vurderte skal ligge på sentralitet 3-6, som er dei minst sentrale kommunane, vil ivareta at ein alltid vurderer moglegheitene for å lokalisere statleg verksemder i mindre sentrale kommunar. Samstundes vil eventuelle behov for lokalisering i større byar også vil bli synleggjort i utgreiinga.
Dette er i tråd med Hurdalsplattforma. Der heiter det at nye statlege arbeidsplassar skal leggast utanfor Oslo, med mindre heilt openberre grunnar tilseier noko anna. Veksten innanfor eksisterande statlege arbeidsplassar skal bli fordelt meir rettferdig mellom by og land, heiter det vidare i Hurdalsplattforma.
– Det er viktig med ein aktiv politikk for å hindre ei endå større sentralisering av statlege arbeidsplassar framover, i følge kommunal- og distriktsministeren.
Dei ulike departementa har det overordna ansvaret for at retningslinjene blir følgde, og for å gjere det endelege vedtaket om lokalisering av underliggande verksemder.