Dei regionale kandidatane til Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2023 er klare
Nyheit | Dato: 29.11.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Innovasjon Noreg deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke, og dei deltek vidare i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner. Det vert nominert tre kandidatar til den nasjonale prisen som vert tildelt i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2024.
- Her kan du lese om vinnarane for 2023 Bedriftsutviklingsprisen i landbruket | Innovasjon Norge
Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriteria
Berekraft
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
- Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
Innovasjon/nyskaping
Fakta om BU-prisen i landbruket
- Innovasjon Noreg deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
- Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar.
- Det vert kåra ein vinner i kvart fylke der prisen er på 50 000 kroner.
- Dei fylkesvise vinnarane kjempar om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
- Det vert nominert tre kandidatar til den nasjonale prisen som vert invitert til prisutdeling i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2024.
Den norske standen og deltakelsen på Grüne Woche er et ledd i å bygge Norge som matnasjon og skal bidra til å styrke omdømmet for norsk mat og reiseliv. Målet er å stimulere til samarbeid og nyskaping på tvers av geografiske grenser og næringsgrenser.
Fredag 19. januar åpner landbruks- og matminister Geir Pollestad den norske standen på Grüne Woche 2024.
Pressekontakter:
Landbruks- og matdepartementet
Kommunikasjonssjef Ottar Løvik + 47 481 40 477
Seniorrådgiver Heidi Eriksen Riise: + 47 975 17 227
Innovasjon Norge
Seniorrådgiver Herman Ringstad + 47 480 40 535
Grüne Woche i Berlin er en av verdens største forbrukermesser for landbruk, mat og reiseliv. Landbruks- og matdepartementet står bak den norske deltakelsen sammen med Innovasjon Norge og Norges ambassade i Berlin.
Internationale Grüne Woche, 19.01. - 28.01.2024.
Messe Berlin: Norwegen, Stand nr. 160, hall 8.2,