Karianne Tung til Kristiansand

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung deltek på den store teknologikonferansen Techpoint i Kristiansand onsdag.

  • Tid: 09.30 – 14.00 onsdag 18. september
  • Stad: Kilden teater og konserthus, Sjølystveien 2, Kristiansand

Statsråden deltek i fleire samtaler frå scenen i Kilden under konferansen med tema som den komande digitaliseringsstrategien og korleis vi skal sikre at utviklinga av kunstig intelligens gjev reell meirverdi.

I tillegg deltek statsråden på ein rundebordlunsj med teknologimiljø i Agder der fylkesordførar Arne Thommassen i Agder og Kristiansand-ordførar Mathias Bernander er vertskap.

Kl. 13.40 får statsråden ein demonstrasjon av KI-plattformen AgderKI i foajeen i Kilden.

Kontakt: Kommunikasjonssjef Kjersti Bjørgo i DFD: 971 648 35