Nasjonal transportplan 2022–2033:
Kjem folk og næringsliv i distrikta til gode
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 44/21 | Dato: 19.03.2021
- I Noreg bur og lever vi i heile det langstrakte landet vårt, og store delar av verdiskapinga skjer i distrikta. Samferdselssatsinga må derfor også vere ei distriktssatsing. Det sikrar vi i den transportplanen regjeringa no legg fram, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
I ny Nasjonal transportplan 2022-2033 legg regjeringa opp til å sikre fleire vegar i distrikta mot skred, heve standarden på fylkesvegar og å utbetre riksvegar, farvatn og innseglingar til hamner. Dette kjem i tillegg til den storstilte utbygginga av veg-, bane-, kyst- og lufthavnprosjekt over heile landet.
Ny tilskotsordning til fylkesvegar
Det er nesten 45 000 kilometer med fylkesveg i Noreg. Dette er viktige vegar både for kvardagsbruk og verdiskaping. Fylkeskommunane har ansvaret for å finansiere og forvalte desse vegane. Det skjer i hovudsak gjennom dei såkalla frie midla til fylkeskommunane (skatt og rammetilskot) og bompengar. Rammetilskotet går over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I tillegg kjem særskilte tilskot som går over budsjettet til Samferdselsdepartementet.
- I arbeidet med Nasjonal transportplan reiste eg rundt og snakke med alle fylka for å høyre kva som var viktig for dei å prioritere i den nye transportplanen. Signala var tydelege: Auka satsing på fylkesveg. Dette har vi lytta til, og i ny Nasjonal transportplan opprettar vi derfor ei heilt ny tilskotsordning. I tillegg styrkar vi kompensasjonen for nødvendig oppgradering av tunnelane på fylkesvegane. Til saman ligg det ei auke i tilskot til fylkeskommunane på 16 milliardar kroner i ny Nasjonal transportplan, seier Hareide.
Tilskotsordninga vil sette fylkeskommunane i stand til å prioritere opprusting, fornying og vedlikehald av viktige næringsvegar som også forstørrar bo- og arbeidsmarknadsregionar. Dagens søknadsbaserte ordning på 175 millionar kroner i 2021 vil leggast om og gå inn i den nye ordninga. I tillegg legg regjeringa opp til å bruke totalt 13,2 milliardar kroner meir til den nye ordninga.
- Når det gjeld utbetringar av tunnelar legg vi opp til ein auke på 2,7 milliardar kroner i ny Nasjonal transportplan. Vi legger til rette for at tunnelane blir oppgradert i løpet av dei neste tolv åra, i tråd med tunnelsikkerheitsforskrifta, seier samferdselsministeren. Med denne auka er det dermed lagt til grunn totalt 6,5 milliardar kroner til utbetringar av tunnelane i 12-årsperioden.
I dag er dei samla tilskota til fylkesveg på om lag 35 milliardar kroner. Regjeringa har lagt til grunn ei totalramme på heile 52,4 milliardar kroner til fylkesvegar i ny Nasjonal transportplan.
Dei blir fordelt slik:
- Særskilt fylkesvegsatsing i rammetilskotet over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett, inkludert utbetring av tunnelar
- Ny tilskotsordning
- Rentekompensasjon for transporttiltak
- Utbetring for tømmertransport
- Denne særskilte satsinga frå staten vil gi fylkesvegane eit skikkeleg løft Det er bra for både folk og næringsliv i distrikta, seier Hareide.
Auka sikring mot skred
I ny Nasjonal transportplan legg regjeringa opp til ei auka satsing på skredsikring. Satsinga kjem allereie i første seksårsperiode.
- Vi bur i eit land med mange rasfarlege vegstrekningar, og mange køyrer med hjartet i halsen. Det vil vi gjer noko med. Den auka satsinga på skredsikring er bra for både tryggleiken og framkoma, seier samferdselsministeren.
Ei rekke nye større vegprosjekt startar opp i første seksårsperiode. Ved å prioritere desse prosjekta, vil mange skredutsette punkt og strekningar bli fjerna.
- 5 Erdal-Naustdal, med eit anslått statleg bidrag til prosjektet i første seksårsperiode på 508 millionar kroner
- E16 Hylland-Slæen, med eit anslått statleg bidrag i første seksårsperiode på 1,5 milliardar kroner
- E16 Arna-Stanghelle, med eit anslått statleg bidrag i første seksårsperiode på 4,3 milliardar kroner
- 13 Lovraeidet-Rødsliane, med eit anslått statleg bidrag i første seksårsperiode på 200 millionar kroner
- E45 Kløfta, med eit anslått statleg bidrag i første seksårsperiode på om lag 1,1 milliardar kroner
- E10 Nappstraumen-Å, med eit anslått statleg bidrag i første seksårsperiode på 170 millionar kroner.
I tillegg har Nye Veier AS fått overført fleire strekningar til sin portefølje der det vil vere aktuelt å gjennomføre skredsikringstiltak. Det gjeld til dømes Rv. 13 Skare-Sogndal, E136 Dombås-Vestnes og E6 Otta-Dombås.
Betre veg med utbetringsstrekningar
Framfor å bygge nytt kan utbetringar av eksisterande veg gi reduserte kostnadar og mindre negative konsekvensar for klima og miljø.
I første seksårsperiode er det prioritert oppstart for til saman 13 såkalla utbetringsstrekningar i regi av Statens vegvesen. Det er sett av om lag 5,7 milliardar kroner til dette i seksårsperioden.
I tillegg er det for heile perioden sett av over 28 milliardar kroner til mindre investeringstiltak (programområder) utanfor dei største byområde. Tiltaka går mellom anna til gang- og sykkelvegar, universell utforming, kollektivtiltak, mindre utbetringar og trafikktryggleik..
- Utan store kostnadar kan vi gjere trafikkflyten mykje betre, ved at delar av ein gammal veg blir utvida eller at ein krapp sving blir retta opp. For familiar som pendlar fram og tilbake, så betyr det at dei får ein betre veg, og meir tid saman med nære og kjære. At dette blir prioritert, trur eg vil gjere kvardagen enklare for folk, seier Hareide.
Utbetringsstrekningane kan bestå av ulike utbetringstiltak, større vedlikehaldstiltak, og fornyingstiltak på veg som har forfalle. Under følger strekningane regjeringa satsar på som utbetringsstrekningar. I parentes står anslått pengebruk for første seksårsperiode.
- 42 Gamle Eigerøyvegen–Hovlandsvegen (337 millionar kroner)
- E39 Hjelset–Bjerkeset (500 millionar kroner)
- 9 Setesdal (500 millionar kroner)
- E39 Bergsøya–Øygarden (121 millionar kroner)
- 41 Treungen–Vrådal (263 millionar kroner)
- E134 Helganeskrysset–arm Husøy (130 millionar kroner)
- 52 Gol–Vestland gr. (453 millionar kroner)
- 7 Ørgenvika–Svenkerud (500 millionar kroner)
- 3 Østerdalen (553 millionar kroner)
- E6 Grong–Nordland (959 millionar kroner)
- 80 Sandvika–Sagelva (428 millionar kroner)
- Rv 94 Mollstrand–Grøtnes (300 millionar kroner)
- 94 Akkarfjord–Jansvannet (690 millionar kroner)
33 milliardar kroner til sjøtransporten
Regjeringa vil gjennomføre tiltak som gjer sjøvegen meir framkommeleg, hamner meir effektive, og sjøtransporten meir konkurransedyktig, trygg og klima- og miljøvenleg. For heile denne transportplanen på 12 år, legg regjeringa opp til investeringar på om lag 33 milliardar kroner.
- Noreg har ein langstrakt kyst. Her finn ein både arbeidet, reisevegen og matfatet til mange nordmenn. Vi er avhengige av god infrastruktur også til sjøs. Vi skal i denne planen mellom anna sørge for at innseglingane er djupe nok og navigasjonsinfrastrukturen er oppgradert. For det skal vere trygt å ha sjøen som arbeidsplass, seier Hareide.
- 2,5 milliardar kronar er sett av til tilskotsordningar som er retta mot sjøtransport og hamner.
- 12,6 milliardar kroner er sett av til utbetringar av farvatn
- 17,8 milliardar kroner er sett av til drift, vedlikehald, navigasjonsinnrettingar, digitale tenester og beredskap mot akutt forureining.
Utbetring av farvatn fleira stadar i landet
Regjeringa vil utbetre farvatn langs heile kysten, og særleg i nord. Innseglingane til Røst, Værøy, Andenes, Årviksand, Kjøllefjord og Vardø er blant tiltaka som er prioritert. Alle desse hamnene har mykje fiskeri- og næringsaktivitet. Utbetringane omfattar merking, utdjuping og skjerming. Dette vil gjere det tryggare, meir framkommeleg og enklare for større fartøy å anløpe.
- Eg er glad for at vi gir noko tilbake til alle dei som står på kvar dag og som skapar verdiar frå havet vårt. Med desse investeringane er vi tydelege på at Noreg også i framtida skal vere langt framme innanfor fiskeri, sjømat og maritime næringar, seier Hareide.
Blant prosjekta som er prioritert for oppstart i første seksårsperiode er:
- Vardø (200 millionar kroner)
- Leirpollen (109 millionar kroner)
- Kjøllefjord (208 millionar kroner)
- Årviksand (67 millionar kroner)
- Andenes (440 millionar kroner)
- Bognes – Tjeldsundet – Harstad (284 millionar kroner)
- Svolvær – Raftsundet (143 millionar kroner)
- Værøy (374 millionar kroner)
- Røst (165 millionar kroner)
- Mo i Rana (114 millionar kroner)
- Røyrasundet – Svædet (125 millionar kroner)
- Kragerø (107 millionar kroner)
- Torsbergrenna (284 millionar kroner)
- Borg hamn (256 millionar kroner)
Nytt hamneprosjekt i Longyearbyen
Hamneprosjektet i Longyearbyen ligger inne i første seksårsperiode i Nasjonal transportplan. Dei nye hamnefasilitetane på Svalbard har eit kostnadsanslag på om lag 400 millionar kroner.
- Vi er opptatt av å sjå næringslivet i kvart eit hjørne av Noreg. Longyearbyen ligg langt ifrå fastlandet, men er likevel ein godt besøkt plass. Det har i lengre tid vore behov for å utbetre Longyearbyen hamn. Føresetnadene og behova har samstundes endra seg og må vurderast på nytt, mellom anna i lys av vedtak om framtidig energiløysing i Longyearbyen, seier Hareide.
Stad skipstunnel - ei satsing på nærskipsfarten
Stadhavet er eit av dei mest utfordrande og vêrharde havstykka som finst langs norskekysten, og det er vanskeleg for skipsfarten å passere Stad under dårlege vêrforhold. Av og til ser besetninga på fartøy seg nøydt til å vente på stillare sjø før dei kan passere havstykket.
- Bygginga av Stad skipstunnel vil fjerne ein barriere for skipstrafikken i eit av dei mest vêrutsette og krevjande farvatna langs norskekysten, og eg er glad for at vi no kjem i gong med eit eineståande samferdselsprosjekt, seier Hareide.
Stad skipstunnel kan styrke nærskipsfarten, legge til rette for betre transporttenester for kystnært næringsliv og opne for etablering av nye snøggbåtruter i regionen. Det blir lagt opp til at prosjektet kan starte allereie i 2021. Kostnadsanslaget for skipstunnelen er 3,45 milliardar kroner, og han skal etter planen stå ferdig før utgangen av første seksårsperiode.
For meir informasjon, sjå: