Klima- og miljøministeren deltek på opninga av det nye solcelleanlegget til Norsk Spennbetong

Adresse: Myrbakken 51, 4110 Forsand

Stad: Forsand i Sandnes kommune i Rogaland

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen deltek på opninga av det nye solcelleanlegget til Norsk Spennbetong.

Anlegget vil produsere i underkant av 1 GWh som svarer til ein produksjon på 170 prosent av forbruket til fabrikken. Overskotsenergien skal seljast til eit lokalt kraftselskap.

Pressekontakt for turen er kommunikasjonsrådgivar Jo Randen, tlf. 911 69 463.