Presseinvitasjon:

Klima- og miljøministeren møter USAs klimautsending John Podesta

USAs spesialutsending for klima, John Podesta, kjem til Oslo den 24. juni for å snakke med klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen om forsterka internasjonal klimapolitikk.

I år arbeidar verdas land med nye utslippsmål under Parisavtalen, og det skal vedtas eit nytt finansieringsmål på klimakonferansen COP 29 i november i år.

Podesta er i Oslo i samband med Oslo Tropical Forest Forum. Han vil òg delta på opninga av konferansen den 25. juni. Konferansen samlar toppleiare frå ein rekke skogland for å fremme kampen for verdas regnskogar.

Møtet mellom Podesta og Bjelland Eriksen startar klokka 13:15. Det vil vere mogleg å fotografera ved starten av møte. Etter møtet, om lag 13:45, er det satt av 10 minuttar til felles spørsmål til klima- og miljøministeren og Podesta.  

Påmelding: i løpet av fredag 21. juni til ragnhild.melbye@kld.dep.no

Stad: Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20

NB: Ta med legitimasjon (ID-kort, pass eller førarkort).

Kontaktinfo: Ragnhild Melbye, kommunikasjonsrådgivar: 45125156