Kommunal- og distriktsminister Gjelsvik deltek på nordisk bygge- og bustadministermøtet på Island
Pressemelding | Dato: 26.09.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
På agendaen står tema som den krevjande situasjonen i bustad- og byggemarknadene, byggfeil og forbrukartryggleik, korleis sikre bustadtilbod til fleire grupper og arbeidet med å legge til rette for berekraftig byggeverksemd med lave klimagassutslepp.
Det årlege møtet mellom dei nordiske bygge- og bustadministrane blir i år halde i Reykjavik 26.-27. september.
–Det er nyttig å utveksle erfaringar og kunnskap med mine nordiske kollegaer. Vi ser mange av dei same utfordringane, og likskapen mellom dei nordiske landa gir godt grunnlag for å lære av kvarandre, seier Gjelsvik.
Norden er langt framme på berekraftig og klimavennleg bygging, og det nordiske samarbeid på dette området har vore godt gjennom mange år.
–Vi ser på moglegheita for å harmonisere regelverk og rammevilkår der det passar. Saman skal vi vidareutvikle rammevilkåra for ein berekraftig nordisk byggesektor, seier statsråden.