Presseinvitasjon:
Legg fram ny bustadmelding
Pressemelding | Dato: 12.03.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet, Kunnskapsdepartementet
Fredag 15. mars legg kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) fram ei ny heilskapleg bustadmelding i Husbanken sine lokal.
– Bustadmarknaden rører ved oss alle på ulikt vis. Målet til regjeringa er at alle skal ha ein eigna bustad – då trengs det ein aktiv bustadpolitikk i heile Noreg. Eg ser fram til å presentere Senterpartiet og Arbeiderpartiet sin heilskaplege bustadpolitikk hos Husbanken, som er ein heilt sentral aktør for å nå måla vi har i bustadpolitikken, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Når: Fredag 15. mars kl. 13.30-14.30. Dørene opnar 13.00.
Kor: Husbanken (7. etg.), Grønland 53, 3045 Drammen
Påmelding presse
Pressa er velkomen til å delta, og statsrådane er tilgjengelege for individuelle intervju etter framlegginga. Kontakt kommunikasjonsrådgivar Hilde Greve Mo (hilde-greve.mo@kdd.dep.no) for påmelding. Møt opp i god tid.
Påmelding andre
Andre som ønsker å vere til stades kan melde si interesse til ragnhild.dahle@kdd.dep.no innan torsdag 14.mars 14.00. Kvar organisasjon/verksemd kan sende maks to personar då det er avgrensa med plass.