Kommunalnytt nr. 2 2015
Nyheit | Dato: 03.03.2015 | Sist oppdatert: 05.03.2015 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Årgang 12 - nyheitsbrev om kommune- og fylkesforvaltning
Frist for innlevering av listeforslag
Nytt verktøy for høyring av innbyggjarane i kommunereforma
Inntekter og utgifter i hyttekommunar
Ny rapport om øremerka tilskot frå Oxford Research
Det fyrste konsultasjonsmøtet i 2015 mellom regjeringa og KS
Over 600 valmedarbeidarar lærer om valgjennomføring
Innovasjon i kommunane skal premierast
To nye notat frå Teknisk beregningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi
Ny og betre versjon av NY KOMMUNE
Høyanger kommune - ein kommune i framgang
Høyanger kommune blei meldt inn i ROBEK i mars 2014 etter meirforbruk i både 2012 og 2013. Etter ein kraftig omstillingsprosess i 2014 har kommunen gått frå meirforbruk til mindreforbruk og reknar med å bli meldt ut av ROBEK allereie etter eitt år.
Høyanger er ein kraftkommune, med både høgare inntekter og høgare aktivitetsnivå enn gjennomsnittskommunen. Kommunen hadde eit akkumulert underskot per 31.12.2013 på 7,3 mill. kroner og sette seg som mål med ei innsparing på 10,8 mill. kroner i 2014. Førebelse prognoser syner at Høyanger klarte dette og meir til. Dermed kan Høyanger meldast ut av ROBEK etter berre eitt år når rekneskapen blir vedteken til sommaren.
Departementet tok ein prat med rådmann Arve Varden for å høyre meir om omstillingsprosessen.
Kva var hovudårsakane til underskot i 2012 og 2013?
- Høyanger kommune har rett og slett brukt for mykje ressursar. Vi har mellom anna hatt utfordringar i oppvekstsektoren, med særskilt mange årsverk innanfor spesialpedagogikk.
Mange kommunar slit med å kome i gang med naudsynte omstillingar. Korleis har dykk lagt opp arbeidet for å få så raske resultat?
- Vi såg at vi gjekk inn i 2014 på eit for høgt driftsnivå og sette i gong ein hestekur. Høyanger har hatt eit veldig godt trepartssamarbeid mellom administrasjon, folkevalde og tillitsvalde. Vi har bygd ei felles situasjonsforståing og dette har vore svært viktig. Saman med tillitsvalde vart vi einige om å kutte 10,8 mill. kroner i 2014. Vi tok dette med til kommunestyret som vedtok innsparingsplanen. Med månadleg rapportering på økonomi, fag og kvalitet har vi fått kontroll over tenestetilbodet og vi har lukkast med omstillingsprosessen. Vi har sett på både organisering og prioritering og tatt ned totalt 20 årsverk i kommunen. Den vedtekne innsparingsplanen blei følgt til punkt og prikke.
I tillegg er Høyanger ein kraftkommune med inntekter frå eiendomsskatt. Etter ein feil i berekning av eiendomsskatten i oktober fekk vi etterlikna 6,4 mill. kroner som ikkje var budsjetterte. Dette har sjølvsagt også hjelpt på økonomien.
Kva for utfordringar har kommunen i åra framover?
- Høyanger er ei stor kommune geografisk og er avhengig av å vidareføre ein desentralisert struktur innanfor skule, barnehage og pleie- og omsorg. Dette gir oss nokre utfordringar i organiseringa framover. Det vil også bli krevjande dersom folketalet går ned.
Høyanger har høge kraftinntekter, men har likevel vore i ROBEK to gongar tidlegare. Korleis skal dykk unngå å hamne i ROBEK igjen?
- Vi har fått ei felles situasjonsforståing mellom administrasjon, folkevalde og tillitsvalde. Dei tre partane har blitt samde om at det er naudsynt å drive meir nøkternt i framtida. Vi skal ha fokus på kvalitet og gode tenester samtidig som vi skal byggje ein buffer på fond til dårlegare tider. For er det ein ting vi veit, så er det at dårlige tider vil kome igjen og då vil vi vere førebudde. Vi meiner at vi skal klare å kombinere kvalitet i tenestane og fondsbygging saman med å vere meir nøktern.
Det har versert litt ulike tal i media om kor stort det endelige overskotet ser ut til å bli. Kan du gi oss eit nytt tal?
- Høyanger ligg an til eit overskot i drifta på om lag 19,2 mill. kroner. Når vi trekk frå dei 7,3 mill. kroner vi har i akkumulert meirforbruk ender vi opp med 11,9 mill. kroner som skal setjast på fond.
Det kan Høyanger vere nøgde med!
Frist for innlevering av listeforslag
Politiske parti og andre som stiller liste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015 må sørgje for at listeforslaget har kome fram til kommunen eller fylkeskommunen innan kl. 12 (dagtid) den 31. mars 2015.
Informasjon om regelverket og skjema for innlevering av listeforslag
Etter at partia og andre som stiller liste har levert inn listeforslag, skal kommunane og fylkeskommunane behandle og godkjenne listene innan 1. juni.
Frå midten av juni vil departementet publisere ei oversikt over vallistene med kandidatar i alle kommunane og fylkeskommunane på www.valg.dep.no.
Første søknad om kommunesamanslåing motteken
Stokke, Andebu og Sandefjord søkte 6. februar departementet om å få slå seg saman til ein kommune, og leverte med det inn den første søknaden om kommunesamanslåing. Søknaden vart overlevert på eit møte mellom kommunane, kommunalminister Jan Tore Sanner og statsminister Erna Solberg. Sanner uttrykte at han var imponert over gjennomføringsevna dei tre kommunane har vist. Han rosa kommunane for ein rask, open og grundig politisk prosess.
Dei tre kommunane har sidan sommaren utgreia konsekvensar av ei samanslåing. Innbyggjarane i alle kommunane har vore involverte gjennom folkemøter og innbyggjarundersøkingar.
Fylkesmannen i Vestfold har følgt prosessen tett, og meinar sammenslåinga vil vere i tråd med måla i kommunereformen.
Kommunane har vedtatt at den nye kommunen skal heite Sandefjord. Kommunen vil få i overkant av 62 000 innbyggjarar. Totalt får kommunane 70 millioner kroner i økonomisk støtte til sammenslåingen, der 40 millioner går til å dekke eingongskostnader ved sammenslåinga og 30 millioner vert gitt som reformstøtte og er til fri bruk.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil legge til rette for at sammenslåinga kan bli vedtatt gjennom kongeleg resolusjon i april, slik at den nye kommunen kan vere på plass alleie 1. januar 2017.
Les meir om arbeidet som er gjort i dei tre kommunane:
Nytt verktøy for høyring av innbyggjarane i kommunereforma
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fått laga ei innbyggjarundersøking til bruk ved kommunesamanslåing.
God informasjon, involvering og høyring av innbyggjarane sine synspunkt er viktig i kommunereforma. Dette kan skje på ulike måtar, til dømes folkemøte, folkeavstemming, eller ved å gjennomføre ei innbyggjarundersøking.
Departementet har fått utarbeidd ei innbyggjarundersøking som mellom anna inneheld spørsmål om samanslåingsalternativ og kva som er viktig for innbyggjarane i refomarbeidet. Undersøkinga spør direkte om tenestene kommunen har og korleis desse vil bli påverka av kommunesamanslåing. Opplegget må tilpassast lokale forhold, og kommunane kan sjølv leggje til spørsmål knytt til lokale behov.
Etter departmentet sitt syn vil dette gje kommunestyra eit betre grunnlag for sine avgjerder om kommunesammenslåing, enn det som er mogeleg i ei rådgjevande folkeavstemning. For å gjere det enkelt for kommunane å gjennomføre innbyggjarhøringar, vil departementet inngå rammeavtale med selskap som kan utføre innbyggjarhøyringa for kommunar som ynskjer det.
Alle kommunar som går gjennom reformprosessen og gjer kommunestyrevedtak innan 2016, får utbetalt 100 000 kroner som støtte til informasjon og folkehøyring. Kommunane bør høyre innbyggjaranes synspunkt før de slår seg saman, og kommunane kan sjølv velje korleis dei ynskjer å gjere dette.
Inntekter og utgifter i hyttekommunar
I mai 2014 lyste Kommunal- og moderniseringsdepartementet ut eit prosjekt for å kartlegge utgifter og inntekter i hyttekommunar. Prosjektet er gjennomført av Telemarksforsking, i samarbeid med Senter for økonomisk forskning (SØF) og Agderforskning. Føremålet med prosjektet var å få informasjon om hyttekommunane sine utgifter og inntekter knytt til å ha stor hyttebusetnad. Prosjektet blei avslutta i januar og rapporten ligg no ute på regjeringa.no.
Kommunar med mange hytter har både inntekter og utgifter knytt til dette.
Formuesskatt og eigedomsskatt frå hytteeigarane, samt auka skatteinntekter på grunn av auka personinntekter for kommunane sine eigne innbyggjarar, er viktige inntektskjelder for hyttekommunane. Hyttebusetnaden vil også kunne gi større bredde i handels- og tjenestetilbodet, og vil vere med på å oppretthalde tilbod som elles ikkje ville ha vore levedyktige, til dømes nærbutikkar og kulturtilbod.
I rapporten konkluderer Telemarksforsking med at når ringverknadene, som til dømes auka private bruttoinntekter, blir teke med i tillegg til dei direkte inntektene frå hytteeigarane, er inntektene ved å ha mange hytter større enn utgiftene i hyttekommunane. Dette gjeld både kommunar med og utan eigedomsskatt.
Hyttekommunane sine utgifter knytt til hyttebebuarar er i hovudsak utgifter til heimeteneste, legevakt, plan- og byggesakshandsaming og andre tekniske tenester.
Telemarksforsking konkluderer i rapporten med at, fordi utbygging av hyttefelt er frivillig for kommunane, og meirutgifter dermed også frivillige kostnadar, er det vanskelig å forsvare å gje ein kompensasjon til hyttekommunar gjennom inntektssystemet.
Ny rapport om øyremerka tilskot frå Oxford Research AS
Kommunal- og moderniseringsdepartementet inngjekk i 2014 ein avtale med Oxford Research AS om å kartleggje og vurdere søknads- og rapporteringsordningar knytt til øyremerka tilskot til kommunesektoren.
Føremålet med oppdraget var å få fram informasjon om søknads- og rapporteringsordningar, og kva for ordningar som fungerer godt, for å danne eit grunnlag for ei eventuell forenkling og effektivisering av øyremerka tilskot.
Departementet har motteke ferdig rapport frå Oxford Research AS.
Konsultasjonsmøte mellom regjeringa og KS
Det første konsultasjonsmøtet i 2015 mellom regjeringa og KS blei heldt 4. mars. Hovudtema for møtet var rammene for kommuneopplegget i statsbudsjettet for neste år.
KS kom med innspel til regjeringa sitt arbeid med statsbudsjettet for 2016. Partane drøfta mellom anna den økonomiske situasjonen i kommunesektoren og den demografiske utviklinga.
Det tekniske beregningsutvalget for kommunal- og fylkeskommunal økonomi (TBU) utarbeida notat til møtet om den økonomiske situasjonen i kommunesektoren og om korleis den demografiske utviklinga vil påverke kommunesektoren sine utgifter i 2016.
Møtet blei leia av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Frå KS møtte leiar Gunn Marit Helgesen, nestleiar Bjørn Arild Gram, Harald Danielsen, Endre Skjervø, Lasse Hansen (adm), Helge Eide (adm.), og Per Richard Johansen (adm.). Ellers møtte finansminister Siv Jensen, statssekretær Jardar Jensen og statssekretær Kristin Holm Jensen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og statssekretær Paal Bjørnestad fra Finansdepartementet.
Referat frå møtet vil bli publisert på våre nettsider om konsultasjonsordninga.
Opplæring av valmedarbeidarar
I veke 10 var over 600 valmedarbeidarar frå kommunane og fylkeskommmunane samla i Oslo for å få opplæring i bruk av valadministrasjonssystemet EVA, valregelverk, valrutiner og annan praktisk informasjon.
I veke11 får i underkant av 500 valmedarbeidarar same opplæring. Dei fleste av desse valmedarbeidarane vil kome tilbake til Oslo i april og juni for opplæring i nye temaer.
Innovasjonspris for kommunane
Regjeringa ynskjer å stimulera til auka innovasjon i kommunane. I fjor vann Arendal kommune KMDs innovasjonspris. Også i 2015 blir det delt ut innovasjonspris til ein kommune som har greidd å tenkje nytt og å setje innovative idear ut i livet. Prisen er på 500.000 kroner, og vinnaren blir tildelt prisen på Arendalskonferansen i juni.
Les mer på DIFIs nettstad om prisen og om korleis din kommune kan søkje
Søknadsfristen er 16. mars.
To nye notat frå Teknisk berekningsutval
Teknisk berekningsutval for kommunal- og fylkeskommunal økonomi (TBU) har sendt over to notat til konsultasjonsordninga mellom regjeringa og KS til møtet som blei holdt 4. mars.
Det eine notatet omtalar den økonomiske situasjonen i kommunesektoren, med vekt på utviklinga i 2014. Veksten i dei samla inntektene blei om lag som det lagt opp til i budsjettopplegget for 2014 (1,4 prosent), medan veksten i dei frie inntektene blei lågare enn i budsjettopplegget (1,2 prosent). Aktivitetsveksten (2,3 prosent) var sterkare enn inntektsveksten. Kommunesektoren samla ser ut til å få eit netto driftsresultat på 1,3 prosent av inntektene, om lag på same nivå som i 2013 (når det er korrigert for endra føring av momskompensasjon frå investeringar).
Det andre notatet seier noko om korleis den demografiske utviklinga verkar inn på kommuneøkonomien. Utvalet estimerer demografikostnaden i 2016 til 2,1 mrd. kroner. Utvalet har óg oppdatert anslaget for 2015 ut frå endelege folketal per 1.1.2015. Anslaget for 2015 er no 2,4 mrd. kroner.
Ny og betre versjon av NY KOMMUNE
No er det lansert ein forbetra versjon av nettstaden NY KOMMUNE. I den nye versjonen er det meir fakta og nytt og betre kart. - Nettstaden er eit verktøy som gjer det enkelt for kommunar og innbyggjarar å sjå korleis ein ny og større kommune blir, seier Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Nykommune.no er departementet sin nettstad der kommunar sjølv kan sjekke fakta og prognosar ved ulike kommunesamanslåingar. Sida lanseringa i fjor har det vore 40.670 besøk på nettstaden.
- Det har vore stor interesse for nettsida. Eg tolkar det som at folk er nysgjerrige på kommunereforma og korleis ein ny kommune kan bli. Den nye versjonen vil bli enda betre, så eg håper folk prøver denne, seier Sanner.
Ny kommune gir oversikt over befolkningsutvikling, arbeidskraftbehov i ulike sektorar, økonomi, næringssamansetting og pendling i kommunane. Det er mogleg å samanlikne tal og utviklingstrekk i opp til 14 kommunar.
- Nettstaden gir god oversikt for politikarar og innbyggarar, og kan svare på viktige spørsmål i arbeidet med kommunereforma, seier Sanner.
Den nye løysinga gir oversikt over næringsliv og tenesteproduksjon i kommunane. I tillegg har vi fått på plass eit nytt og meir brukarvenleg kart, som gir betre oversikt og er enklare å finne fram i. Det er også gjort mindre endringar, som å auke kor mange aldersgrupper som visast og historisk oversikt over befolkninga heilt tilbake til 1972.
I den nye versjonen kjem ein til å kunne henta ut nøkkeltala i eit excel-ark, og nytte dei i eigne berekningar. Det vil også vere mogleg å laste ned heile datafila med grunnlagstal for alle kommunane. Dette vil vere nyttig for kommunane i utredningsfasen.